Vil vi verkeleg ha propaganda frå kjøtindustrien i skulen?
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det burde vere ei enkel sak å redusere kjøttforbruket sitt, for å ta del i kampen mot klimaendringane. Mange vel eit heilt eller delvis vegetarisk eller vegansk kosthald, men likevel held kjøtforbruket fram med å auke i Noreg. Kan det kanskje ha noko med at norske skuleborn blindt vert utsette for propaganda frå kjøttindustrien?
Store utslepp
Ifølge FNs klimapanel (IPCC) stod «skog, jordbruk og andre areal» i 2010 for heile 24% av dei globale klimagassutsleppa. Dei peiker på at redusert avskoging og mindre kjøttkonsum er viktige faktorar for å senke utsleppa frå denne sektoren.
Samstundes fortel Helsedirektoratet at kjøttforbruket per person i Noreg har meir enn dobla seg frå 1959 til 2012 (frå 38 kg til 80 kg per person). Å produsere 200 g biff, tilsvarande 2–3 kjøttkaker, gir like store klimagassutslepp som å køyre 40 km med bil. Og når 200 g kjøt gir same utslepp som 40 km med bilkøyring, vil det seie at eit kilo med storfekjøt er lik utsleppa frå å køyre 200 km med bil. Dette vil seie at produksjon av eit kilo storfekjøt gir 50 gonger høgare klimagassutslepp enn produksjon av eit kilo poteter.
Det er umogeleg å produsere nok mat i verda om standarden er eit vestleg kjøttkonsum.
80–90 prosent av kornet norske bønder dyrkar, ender opp som fôr til husdyr. Dette dekker berre 60 prosent av kraftfôrbehovet, og Noreg importerer difor store mengder mais, kveite og soya til husdyrhald. Dette inkluderer fleire hundre tusen tonn soya årleg frå Brasil. Soyaproduksjon er ei av dei viktigaste årsakene til øydelegging av regnskogen i Brasil.
Norsk husdyrhald bidrar dermed til auka klimagassutslepp gjennom både husdyrhald og bidrag til avskoging av regnskog. I tillegg går opptil 90 prosent av energien i kraftfôret tapt, fordi det vert brukt til dyra sine livsprosessar. Den globale etterspørselen etter korn er enorm, fordi mykje av kornet går med til auka kjøttproduksjon. Det er umogeleg å produsere nok mat i verda om standarden er eit vestleg kjøttkonsum.
Varsellampane blinkar
Opplysningskontoret for egg og kjøtt står i dag i ei særstilling. Dei får lov til å levere lærebok og -opplegg for norske skulebarn og -ungdom. På nettsidene deira står det følgjande om læreverket deira:
«Bakgrunnen for denne satsningen er som i likhet med MatStart for å bidra med kunnskapsheving om mat og ernæring hos barn, og til at det etableres gode matvaner for barn på et tidlig stadium.»
Dette burde lyse som ei varsellampe mot oss. For det fyrste, ein kommersiell aktør får kjøpe seg inn i skuleverket med sin propaganda (kvar er respekten for lova mot reklame mot born?). For det andre, vil vi verkeleg lære born å halde fram ein mattrend som går i mot alt vi veit om klimaendringar?
Opplysningskontoret for egg og kjøtt har så mykje pengar at dei lett kan tilby gratis læremateriell, inkludert ei kokebok alle får til odel og eige, til barne- og ungdomstrinnet. Målsettinga deira er å auke salet av kjøtt og egg, noko vi veit ikkje samsvarar med klimautfordringa vi står ovanfor.
Kva med å redusere inntaket av kjøt, som vi veit vi treng?
Kva med belgfrukter?
Eit eksempel på problematisk framstilling av mat, er powerpoint-presentasjonen som ligg ute på skulesidene på nett der eksempel på proteinkjelder utelukkande er av animalsk opphav. Kva med til dømes belgfrukter?
Det står også i «støtteteksten» til powerpoint-bileta, i ein graf om utvikling i norsk kosthald, at den største utfordringa framover er å «auke inntaket av grønsaker og frukt, grove kornprodukt og fisk, og redusere inntaket av metta feitt og salt i befolkninga». Det ser jo bra ut, men kva med å redusere inntaket av kjøt, som vi veit vi treng?
Vi veit at vi må gjere noko med klimautfordringa for å hindre uopprettelege skadar. FNs klimapanel seier at utsleppa frå «skog, jordbruk og andre areal» må senkast med redusert avskoging og mindre kjøttkonsum. Likevel aukar kjøttkonsumet i Noreg. Likevel bidrar vi til avskoging av regnskog. Og vi lar kjøttindustrien kjøpe seg inn i skulen utan mostand.
Vil vi verkeleg at Opplysningskontoret for egg og kjøtt skal ha monopol på opplæringa i faget mat og helse, og fortsette ei trend som strir mot alle klimamål?