Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 16.10.2017 17:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sannsynlegvis vil dei første kjenslene hennar vera avsky og fråstøting. Vegetarianarar utviklar ofte slike haldningar til kjøttbasert mat, noko som gjer det lettare for dei å vera absolutistar om å kasta kjøt.

Men kva om vegetarianaren kjem seg over kjenslene av avsky og avgjer å eta koteletten, kan hende for å vere høfleg mot verten hennar. Har ho gjort noko moralsk forkasteleg? Det er godt mogleg at det ho har vorte servert vil ikkje vera det slaget humant oppdrege kjøt  nokon (men ikkje alle) etiske vegetarianarane finn det greit å konsumera. Meir sannsynleg er det at det vil vera eit produkt av grusam, og intensiv fabrikkoppdrett. Å eta kjøtet under desse omstenda kan ikkje då vera ei handling av typen filosofen Jeff McMahan kallar «godarta kjøteting».  Ville vegetarianeren ha gjort noko gale ved å bryta sin eigen moralske kode?

Dei fleste vegetarianarar er bekymra for lidinga til dyr som vert skulda kjøttforbruk, eller for verknaden fabrikkoppdrett har på miljøet. For enkelheits skuld vil eg berre vurdera dyreplageri, men det same argumentet kan brukast om dei andre negative konsekvensane av praksisen i dag for fabrikkoppdrett, inkludert til dømes klimagassutslepp, ineffektiv nytte av land og bruk av plantevernmiddel, gjødsel, drivstoff, mat og vatn, og dessutan bruk av antibiotika som forårsakar antibiotikaresistens i bakteriane til husdyr som deretter vert overført til menneske.

Sidan å eta kjøt vanlegvis støttar praksisen med å drive opp dyr på fabrikkgardar der dei vert handsama umenneskeleg og drepen, er det sannsynleg at å eta kjøt vil vidareføre lidinga til dyr (eller til dei andre negative konsekvensane av fabrikkoppdrett).

Det er mogleg at ein ved å eta kjøt av og til, ville mista retten til å kalla seg ein ‘vegetarianar’, men dette er vel ikkje så viktig.

No, viss vi er samde om at ein av dei gode årsakene til å vera vegetarianer er at det å eta kjøt oppmuntrar til praksis som forårsakar dyreliding, vil det ved første augekast verka som at å eta kjøt berre ein sjeldan gong er moralsk tillateleg (sjå filosofen Shelly Kagan for eit motargument) fordi det er svært sannsynleg at det å eta kjøt berre ein sjeldan gong ikkje vil ha nokon innverknad på lidinga til dyr.

Men ved å ikkje eta kjøt, og spesielt ved ikkje å eta kjøt når det vert tilbode framfor ikkje-vegetarianarar, sender vegetarianarar ut ei melding til andre menneske. Ved å halda seg til det etiske engasjementet deira, signaliserar vegetarianarar at det er noko gale med å vera kjøtetande. Med det kan dei få andre til å vurdera moralen i deira eigne vane med å eta kjøt, og kan hende til og med overtyda dei om at å eta kjøt er feil. Med andre ord kan den positive effekten av å vera vegetarianar, når det gjeld reduksjon av talet på dyr som lid, forsterkast når vegetarisme vart forsvart offentleg og demonstrert i sosiale samanhengar.

Og omvend, å gjere unntak kan senda bodskap om at det å eta kjøt ikkje eigentleg er så ille. Om sjølv vegetarianarar et kjøt nokre gonger, kan det ikkje vera så forkastelig å eta kjøt frå eit moralsk perspektiv, kan det vel? Så kan hende gjesten som åt svinekoteletten gjorde ein moralsk feil av denne årsaka: ho sende ut feil melding til folka som åt middag saman med henne.

Saka held fram under biletet

Protest

Demonstrantar protestera mot svinekjøttindustrien utanfor World Pork Expo i Iowa, 2012. Foto: Justin Norman/Flickr

Men det er ikkje så enkelt. Å unngå kjøt under alle omstende, inkludert under omstenda der denne gjesten fann seg sjølv under, er ein strategi som kan slå attende på deg sjølv. Den «rette» meldinga som vert til ikkje sendt-vegetarianarar må vere meldinga som aukar sjansane for at så mange av dei som mogleg vil gje opp å eta kjøt, eller i det minste redusera kjøtforbruket.

Om folk oppfattar vegetarisme som noko som ikkje let seg gjera noko unntak, er dei sannsynlegvis langt mindre lett for desse å verta vegetarianar. Ei fleksibel moralsk stilling er meir appellerande enn ei stiv ei som ikkje gjev unntak. Det er meir sannsynleg at folk kunne ha vorte overtydd til å verta fleksible vegetarianarar – det vil seia at dei sluttar å eta kjøt med nokre unntak – enn å verta stive vegetarianarar. Å vera ein fleksibel vegetarianar er å føretrekkja frå eit moralsk perspektiv samanlikna med å vera kjøttetar.

Så den vegetariske gjesten som et kjøt når det vert tilbode har sannsynlegvis syna verten at det er mogleg å vera ein (fleksibel) vegetarianar, og samstundes nyta kjøt nokre gonger utan å føla seg skuldig. Dette har sikkert gjort (fleksibel) vegetarisme meir tilgjengeleg og meir appellerande enn det ville ha vore dersom gjesten hadde nekta å eta kjøt.

Det er mogleg at ein ved å eta kjøt av og til, ville mista retten til å kalla seg ein ‘vegetarianar’, men dette er vel ikkje så viktig. Det som er meir viktig er at ei verd med mange menneske som berre et kjøt nokre gonger er langt betre enn verda vi har no, der det er relativt få vegetarianarar og eit stort fleirtal av kjøtetarar.

Alberto Giubilini forskar på praktisk etikk ved University of Oxford.

Les saka i Aeon her. Omsett til nynorsk av Arnt Olav Foseide, etter CC-lisens 4.0
Aeon counter – do not remove