Historisk godt år for Det Norske Teatret
265.483 publikummarar fann vegen til teateret i fjor. Det er det høgste besøkstalet nokon gong.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Talet på publikumarar ved Det Norske Teatret i 2017 er over 33.000 høgare enn det førre rekordåret 1992. Billettinntektene er også rekordhøge, og teateret kan visa til over 70 millionar kroner i eigeninntekter.
Musikalen «The Book of Mormon» var den framsyninga som trekte flest publikumarar i fjor med heile 53.375 besøkjande. Teatersjef Erik Ulfsby er minst like glad for at over 200.000 personar fann vegen til dei andre framsyningane til teateret.
– Som ein nasjonal kulturinstitusjon er det viktig å få fram bodskapen om at publikum søkjer til heile repertoaret til teateret og ikkje berre til framsyningane som blir omtalte og skaper overskrifter, seier han og strekar under at heile teateret opplever ein markant auke i tilstrøyminga.