Ny organisasjon mot ekstremisme

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

JustUnity mot ekstremisme

– Då eg var i ein radikaliseringsprosess, var det ein tilfeldigheit at eg kom meg ut på eiga hand. Med denne organisasjonen skal me aktivt freista å motvirke at tilfeldigheiter avgjer om unge menneskjer reiser til Syria eller blir radikalisert, sier Yousef Bartho Assidiq i ei pressemelding.

Samfunnsdebattanten har saman med Faten Mahdi Al-Hussaini teke initiativ til å stifta organisasjonen JustUnity, som skal førebyggja ekstremisme.

LES OGSÅ: Slik blir nokon trekte mot ekstremistiske miljø

Samtalar med ungdom og familiar
Med JustUnity tek dei sikte på bidra til meir kunnskap om og forståing av radikalisering og ekstremisme gjennom dialog, foredrag og debatt på skular og elles i samfunnet.

Dei vil òg auka kommunane sin kompetanse på området gjennom informasjon, foredrag og kursing. I tillegg kan JustUnity bistå kommunar og gjennom å vere bindeledd og gå aktivt i dialog både med ungdom og familiane til dei som er radikaliserte, eller er i faresona.  

Sidan mars har Assidiq og Al-Hussaini reist på fleire møter og skulevitjingar. Dei har òg fått 13 nye saker med radikalisert ungdom, som dei følgjer opp. I dag har dei kontakt med i alt 24 ungdommar, i tillegg til fem familiar som har søner som har reist til Syria.

Den norske konvertitten Assidiq nyttar eigne erfaringar frå tida i miljøet, som seinare vart kjent som Profetens Ummah i arbeidet.

Med seg har han norsk-irakiske Faten Mahdi Al-Hussaini, som fekk mykje merksemd for sin modige appell under demonstrasjonen mot IS i Oslo 2014. Same år mottok ho Bergesenprisen.

LES OGSÅ: Femtusen samla mot ekstremisme

Lippestad på laget
Etter fleire månadars arbeid vartJustUnity formelt stifta fredag 29. mai på kontoret til advokat Geir Lippestad, som òg er styreleiar i organisasjonen.

I tillegg har fylkesmann Erling Lae, biskop Tor B. Jørgensen, førsteamanuensis Lars Gule, og bedriftsleiar Bente Lilian Holby Ruzicka takka ja til å sitja i styret.