Studenttida er ei tid for å skape nye kjenningar. For mange kan det kjennast vanskeleg.
Synne Grimen Hammervoll, Studvest
Synne Grimen Hammervoll, Studvest

Saka var først publisert hjå Studvest. 

Einsemd er noko mange studentar kjenner på. Det kan for mange vere overraskande vanskeleg å bli kjend med nye folk. Kvar tiande student har eit svakt sosialt nettverk, kjem det fram av Studentenes helse- og trivselsundersøking (SHoT) frå 2014. Ifølge rapporten kjenner kvar sjette student på ein form for einsemd.

Rapporten skil mellom sosial og emosjonell einsemd, der sosial einsemd er mangel på eit sosialt nettverk og ei oppleving av å vere åleine. Denne einsemda kan mange studentar kjenne på studiet, til trass for at dei elles har gode vener. Emosjonell einsemd er det dei i rapporten kallar fråvær av nære tilknytingar.

Undersøkinga viser at fadderordninga er svært viktig når det kjem til å skaffe seg vener på studiestaden. 45 prosent av dei som ikkje deltok i fadderveka gir opp at dei ikkje har fått fortrulege vener på studiestaden. Talet er nede på 36 prosent for dei som deltok delvis, og 22 prosent for dei som deltok fullt ut.

Møtet med studentlivet kan vere ein brå overgang for mange. Ein blir ikkje lenger «tvungne» til å bli kjend med kvarandre, slik ein gjerne vart i skulen. Fadderordninga kan hjelpe ein langt på veg, men ikkje alle kan eller vil delta fullt ut. Hamnar ein utanfor ei faddergruppe, kan ein ende med å føle seg utanfor lenge.

I ein førelesingssal med hundre studentar sit det statistisk sett seksten einsame menneske.

Ein av måtane å skaffe seg eit sosialt nettverk på er ved å bli med i ein organisasjon eller klubb. Ved UiB og NHH er delen studentar med eit frivillig studentengasjement forholdsvis høgt. Der talet på landsbasis er 37 prosent, har UiB 46 prosent. I undersøkinga kjem det ikkje fram kor høgt talet er ved NHH, men at det er langt høgare enn snittet. Det er bra – i rapporten blir det sagt at ungdom og eldre kan oppleve økt livskvalitet gjennom frivillig deltaking.

Rapporten understrekar samstundes at eit sosialt nettverk ikkje er nokon garanti mot einsemd. «Sjølv om ei har gode venner, kjæraste og familie kan likevel opplevinga av einsemd på studiet vere til stades», står det om sosial einsemd. Trass i at Bergen kjem betre ut enn det nasjonale gjennomsnittet både på deltaking i fadderveke og frivillig studentengasjement, held studiestadane i Bergen seg nær gjennomsnittet når det gjeld både sosial og emosjonell einsemd.

Dette viser at fadderordninga og breie moglegheiter innan studentmiljøet ikkje nødvendigvis er nok for å få bukt med einsemda blant studentar. Einsemd er i høg grad eit usynleg problem. Ein kan ikkje nødvendigvis sjå på folk om dei er einsame, og det kan vere vanskeleg for dei som kjenner på einsemd å innrømme det. I tillegg kan det vere vanskeleg for dei rundt å forstå at nokon kjenner på einsemd om den som er einsam samstundes gir inntrykk av at dei har eit sosialt nettverk.

Eg skulle ønskje det eksisterte ei lettvint løysning på problemet med einsemd blant studentar. Men hadde me hatt denne løysinga, hadde me ikkje hatt eit så stort problem å snakke om. Det eg vil, er å komme med ei oppfordring til dei som ikkje kjenner på einsemd. Det kan vere vanskeleg for nokon som er einsam å ta kontakt med nye menneske. Difor er det ekstra viktig å sørgje for at dei får ei god oppleving når dei gjer det. I ein førelesingssal med hundre studentar sit det statistisk sett seksten einsame menneske. Så ver open og vennleg når nokon du ikkje kjenner tar kontakt med deg. Du veit aldri kor mykje det kan bety for nokon.

Oppdatert: måndag 9. oktober 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE