Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Knallgode kritikkar for «The Book of Mormon»

Både VG og Fædrelandsvennen trillar terningkast seks etter den etterlengta premien på «The Book of Mormon» på Det norske teatret laurdag kveld. Dagbladet og Aftenposten gir framsyninga ein femmar.

Den prisløna Broadway-musikalen er forfatta av South Park-skaparane Matt Stone og Trey Parker saman med Robert Lopez, og blir hylla som intelligent og morosam religionskritikk.

Både ringreven Are Kalvø, som har omsett manuset til norsk, og regissør Vidar «Side om side» Magnussen får rosande omtale av kritikarane. Det same får skodespelarane, med Frank Kjosås og Kristoffer Olsen i spissen som dei smørblide mormonske misjonærane Kevin Price og Mark Cunningham.

«Publikum var ekstatiske i tiljublingen av det helt fenomenale ensemblet som brakte denne musikalen fra Broadway og London til Norge», skriv Emil Otto Syvertsen frå Fædrelandsvennen.

Saka held fram under biletet.

«Her brytes så mange grenser at det å lete etter om det fremdeles fins noen, blir dumt,» skriv Fædrelandsvennen. Foto: Fredrik Arff / Det norske teatret

«Det Norske Teatrets versjon står ikke noe tilbake for de internasjonale produksjonene av denne musikalen, snarere tvert i mot», skriv Yngve Kvigstad, som melde stykket for VG.

«Frigjørende frekkheter», er dommen frå Dagbladets Lillian Bikset.

«Hver eneste rolle spilles tvers igjennom troverdig, men denne grensesprengende, blasfemiske og uimotståelige forestillingen må likevel få litt trekk for at mange replikker og sangtekster er vanskelige å forstå, særlig i første akt,» skriv Mona Levin i Aftenposten.

Også i sosiale medium haustar framsyninga lovord: