«Frp vil ha ein eksamensfabrikk og ikkje enn ein læringsarena»
Listhaug og Harry Potter-karakteren Umbridge sin skulepolitikk har mykje til felles, meiner Sandra Tenud.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Frp og Listhaug sin skulepolitikk minner skremmande mykje om Umbridge frå Harry Potter. Begge vil styre skulen med jernhand, krevje lydnad og presse elevar inn i eit system som ikkje tek omsyn til at folk lærer på ulike måtar. Det er lite magisk, urettferdig strengt og langt unna god læring. Der Umbridge brukte Malfoy som si vaktbikkje, vil Frp ha fleire reglar, narkohundar og politirazziaer på skulane våre.
Frp vil ha meir disiplin, meir pugging og mindre elevmedverknad. Dei vil ha fleire prøver, meir utanåtlæring og strengare straff for elevar som ikkje passar inn i systemet deira.
Skulen må gi rom for meistring, ikkje berre måling. Vi vil ha ein skule der fleire elevar får lære gjennom å gjere, ikkje berre gjennom å sitje stille og høyre på læraren. AUF vil innføre fleire praktiske valfag og gjere alle fag meir varierte med meir prosjektarbeid, gruppearbeid og kreativ læring. Vi vil sikre at yrkesfagelevar får tilgang til moderne utstyr og arbeidslivsrelevante oppgåver slik at dei blir godt førebudde på framtida.
Mindre testing og meir leik
Det er ikkje for mykje leik i skulen. Etter seksårsreforma har norske elevar gått rett frå å lære gjennom leik og praktiske oppgåver til å sitje stille ved skulebenken. Dette har gått hardt utover urolege elevar, spesielt gutane våre. Frp vil ha meir stillesitting og skriving, nøyaktig det norske elevar ikkje treng. Faktisk er fagfolk heilt einige, elevar lærer best gjennom meir leik.
AUF vil ha mindre testing. Vi vil fjerne eksamen i ungdomsskulen. Éin dag skal ikkje avgjere framtida di når du er 15. På vgs. må eksamen spegle det elevane faktisk har lært. Vi vil også fjerne den urettferdige ordninga der 20 prosent av elevane blir trekte opp til eksamen i Vg1, og seinare la elevane sjølve velje kva dei skal opp til i skriftleg eksamen. Vi vil ha færre testar og kartleggingsprøver. Skulen skal handle om læring og ikkje stress.
Forsking viser at ein skule med variert undervisning, praktiske oppgåver og mindre testing gir betre læring og høgare trivsel. OECD– og PISA-undersøkingar peiker på at land som satsar på kritisk tenking, tverrfaglegheit og aktiv læring gjer det betre enn land med mykje testing og pugging.
Oppskrift på forskjellsskule
Frp vil ha ein urettferdig skule der elevar blir skilde frå kvarandre. Om elevar er urolege skal dei fjernast frå klasserommet, frå venene sine og sendast til ein spesialskule. Dei ønskjer også å dele elevar inn etter nivå slik at karakterane dine bestemmer om du får gå i klasse med venene dine.
Ei oppskrift på å auke forskjellane i samfunnet.
Frp vil ha ein eksamensfabrikk og ikkje enn ein læringsarena. AUF vil heller ha ein skule som gir elevane verktøya dei treng for framtida, der kritisk tenking, kreativitet og praktisk læring står i sentrum.
Listhaug og Umbridge sin skulepolitikk har mykje til felles, også at han ikkje fungerer. Frp vil ha ein skule der elevar skal marsjere i takt, ikkje ein der dei får utforske, skape og lære på sine eigne premiss. Vi treng ein skule som byggjer opp elevane, ikkje ein som bryt dei ned.