Dubie Toa-Kwapong
Publisert
Oppdatert 11.06.2017 21:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Perfekt tema for skrekkfilm

Eg er ikkje vanlegvis interessert i skrekkfilmar. Den siste eg såg var ein grotesk fransk film på kosekveld hos bestevenninna mi i 2009. Den skremte meg så inderleg at eg lova meg sjølv eg aldri skulle sjå ein skrekkfilm igjen.

Då traileren til Get Out kom ut i oktober i fjor trudde eg det var ein parodi a la Scary Movie. Det var for godt for å vere sant at nokon hadde laga ein film om kor skummelt rasisme er.

Men parodi var det ikkje og filmen hadde verdspremiere akkurat i tide for Black History Month i USA. Sjølv om eg var livredd visste eg kom til å bryte løftet mitt og få med meg denne filmen på kino.

Get Out er skrive og regissert av Jordan Peele, mest kjent som eine halvdelen av komikarduoen, Key and Peele.

Med eit budsjett på 4,5 millionar dollar (minimal i Hollywood-samanheng) har filmen no tent over 100 millionar dollar og er utan tvil ein kommersiell suksess.

Peele er den fyrste afro-amerikanske filmskaparen som har oppnådd dette som både manusforfattar og regissør.

Denne veka slo Get Out den 20 år gamle rekorden til Blair Witch Project og er no den mest innbringande filmen for eit originalt manus.

LES OGSÅ: «Det er uakseptabelt med «blackface»-kostyme»


Mor (Catherine Keener), far (Bradley Whitford), Rose (Allison Williams), hushjelpa Georgina (Betty Gabriel) og Chris (Daniel Kaluuya) som møter familien til kjærasten for fyrste gong. Foto: United International Pictures

I filmen møter vi Chris Washington, ein svart mann som skal besøkje familien til sin kvite kjæraste for fyrste gong. Rolla er tolka av britisk-ugandiske, Daniel Kaluyaa (Skins og Black Mirror). Kjærasten, Rose, spelt av Allison Williams (Girls) kjem frå ein progressiv akademikarfamilie som bur på ein idyllisk forstad utanfor New York. Faren i huset er ein hjernekirurg, mor er ein psykiater, medan broren, Jeremy, studerer medisin. Alle er heime for å helse på den nye kjærasten til Rose.

«Har du fortalt foreldra dine at eg er svart?» spør Chris.

Rose ler vekk spørsmålet og skildrar familien som typisk liberale som seier pinlige, men velmeinte ting. Faren kjem heilt sikkert til å fortelje at han ville ha stemt på Obama ein tredje gong om han kunne, for å vise kor fordomsfri han er.

Chris er usikker, men vel å stole på kjærasten.

Det er to andre i huset som Rose ikkje har fortalt om: vaktmeistaren Walter og hushjelpa Georgina. Når Chris prøver å slå av ein prat, merkar han at dei oppfører seg unaturleg.

Noko er gale og i løpet av helga kjem Chris til å finne ut nøyaktig kva det er.

LES OGSÅ: «Eg vert redd når eg går på bussen og ser ein kvit mann i Trump t-skjorte»

I ei tid med Trump og aukande høgreekstremisme, merkar ein den arrogante trua på at rasisme berre eksisterer blant dei uvitande eller politisk konservative. I Get Out poengterer Peele at kvite liberale like ofte står for mikroaggresjon og alvorlegare rasebasert vald.

Filmen går vekk frå det tradisjonelle skrekkfilmmønsteret, der svarte figurar sjeldan lever lengre enn 20 minutt. Her er afroamerikanske Chris midtpunktet, helten som publikum, uavhengig av sitt kulturelle synspunkt, kan heie på og kjenne seg att i. Det verkar som at dette var målet til Jordan Peele – å skape noko som folk kunne samle seg rundt. Ein film som er alvorleg, men leiken og underhaldande på same tid.

I eit år der filmar med afroamerikanarar i sentrum opplever stor suksess, er det kanskje naturleg å tenkje at Hollywood endeleg har byrja å ta til seg mangfaldskritikken. I verkelegheita viser suksessen til filmar som Get OutMoonlight, og Hidden Figures i større grad støtte frå publikum enn frå filmindustrien. Det set ting i perspektiv når ein tenkjer på at Moonlight måtte vere ein perfekt film for å vinne årets Oscar for beste film.

Den aukande representasjon av svarte menneske hender samstundes som filmane Ghost in the Shell og The Great Wall, samt Netflix-serien Iron Fist har valt å gi roller som skulle ha gått til aust-asiatiske skodepelarar til kvite skodespelarar.

LES OGSÅ: Hollywood får mangfaldskritikk – igjen 

Peele vil at folk skal skjøne at vi ikkje er i nærleiken av å utrydde rasisme. At det ikkje er nok å tenkje på seg sjølv som fordomsfri, å telje kor mange multikulturelle vener ein har, eller å vere interessert i romantiske/seksuelle forhold med folk frå andre rasar.

I filmen opplever Chris det å bli sendt til «a sunken place», ein perfekt metafor for den paralyserande kjensla av å oppleve rasisme dagleg.

Målet må då vere å bli kvitt «a sunken place». Ein måte å gjere dette på er, i Peele sine ord, å  «gi svarte stemmer ein plattform og moglegheita til å fortelje våre eigne historier.»

LES OGSÅ: «Dette tyder Super Bowl-opprøret til Beyoncé»