Rasistisk? – Slapp av, seier Simpsons-skaparane

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor kom filmen Problemet med Apu. Dokumentaren kritiserte TV-serien The Simpsons for bruken av indiske stereotypiar i rollefiguren Apu Nahasapeemapetilon Jr.

Vel eit halvt år seinare svarar TV-serien på kritikken frå komikar og dokumentarfilmskapar Hari Kondabolu. Det melder ei rekke amerikanske medium, mellom andre Vulture.com.

Det mange reknar som eit svar frå serieskaparane er delt på Twitter av brukaren Soham. Han er ikkje nøgd med svaret og kallar det fullstendig tannlaust.

Ber kritikarane slappe av

Marge og Lisa diskuterer ei gammal barnebok som har blitt redigert for å vere mindre støytande.

– Kva kan eg gjere? spør Marge.

– Det er vanskeleg å seie. Noko som vart starta for fleire tiår sidan, og som vart applaudert og ikkje var støytande, er no politisk ukorrekt, svarar Lisa før kamera snur seg mot eit bilde av Apu.

Den danske avisa Berlingske gjer merksam på at bildet har teksten «Don’t have a cow!», noko som betyr «ikkje ver hysterisk».

– Trist svar

Kondabolu seier sjølv at han er glad i TV-serien, men at rollefiguren Apu har skapt problem for fleire enn han. Til dømes har mange vakse opp med kallenamnet Apu, og skodespelarar føler at dei berre blir tilbydde stereotype roller.

Kondabolu skreiv på Twitter at han synest det er trist at dette er all responsen han får frå TV-serien han elskar. Vidare skriv han at:

– I Problemet med Apu brukte eg Apu og The Simpons som ein inngangsport til ein større samtale om representasjon av marginaliserte grupper og kvifor det er viktig. The Simpsons svar i kveld er ikkje eit stikk til meg, men eit stikk til det som mange av oss ser som framgang.