«Politikarane må våge å vera litt strenge, eg orkar ikkje at naturen skal vera til sals lenger»
Skritt for skritt blir naturen vår bygga ned og bytt ut med vindturbinar, gruver på både land og til havs og skogens konge er snart ein svær gravemaskin, skriv Reidun Bergland.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I tidlegare nyheiter har vi lese om nedbygginga av norsk natur, og noko av det har faktisk vore i samanheng med det grøne skiftet.
Det er i mine auge slik at det føregår ein forbruksfest utan like i namnet til det grøne skiftet, som belastar naturen vår.
Arealbruk
Ein kan vera for eller mot vindturbinar, og ein kan meine kva ein vil om at ein set dei opp.
Ein faktor som er vanskeleg å diskutera mot er at det er mykje areal av naturen som går med for å få sett dei opp: Det blir laga industrivegar for å frakta dei, og dei blir ofte sett opp i hopetal.
Nokre plassar, som til dømes i Finnmark, blir dei sett opp plassar der det er vanskeleg å kome til om ein vindturbin skulle byrja brenna.
Det er òg store mengder olje i ein enkelt vindturbin, ifølge NVE så er det 1000–1500 liter olje per turbin. I tillegg er det problem med at vindturbinar lekk olje ut i naturen, noko som gir skader på naturen rundt.
I 2024 blei det og opna for gruvedrift på havbotn i Arktis, noko som heldigvis er blitt utsett enn så lenge. Men det fortel oss noko om kor hovudlaus villige ein er til å ofra natur og matfatet vårt i namnet til det grøne skiftet.
Mistar matjord
I kommunen her eg bur har dei bygga ned matjord, kvadratmeter for kvadratmeter, for å få opp fleire hus og for å få store bedrifter til å etablera seg.
Eg lar meg fascinera fordi det verkar som om at det er ei innstilling om at maten kjøper ein på butikken uansett, men kvar kjem maten vår ifrå?
Jo, vel kjem ein del av maten vår frå det store utland, men kvifor? Jo, fordi me bygger ned matjord på matjord, bøndene får ikkje eingong nok til å klare seg til livets opphald.
Fisken i havet sender me halve jorda rundt før han på ny endar opp i frysedisken på Kiwi, og korleis reinsdyrskavet hamnar i butikken er det vel og få som veit.
Skritt for skritt blir naturen vår bygga ned og bytt ut med vindturbinar, gruver på både land og til havs og skogens konge er snart ein svær gravemaskin.
Stopp forbruksfesten
Om me ikkje stoppar opp no, kva tid skal me stoppe opp?
Me må ikkje gløyme ut at me lever i et økosystem, om ein del av økosystemet blir teken ut så kan ein framleis klare seg, men kva når det berre er gråe maskinar igjen i naturen? Kva når alt liv er borte, då er eg redd det er i seinaste laget for politikarane.
Det er enno tid til å gjera noko med det, men då må forbruksfesten på Stortinget, i fylkeskommunane og kommunane ta slutt.
Politikarane må våge å vera litt strenge, eg orkar ikkje at naturen skal vera til sals lenger.