Då Linn såg Obama i Spektrum
Her er det Linn Isabel Eielsen sit att med etter den tidlegare presidenten besøkte Oslo.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Meiningsinnlegget var først publisert på Instagram og er omsett og republisert med løyve.
Den 12. mai drog eg for å sjå Obama i spektrum.
Eg betalte med firmakort, så her er ei lita illustrert oppsummering for alle som bryr seg!
Hæ?! Kvifor?
Nokre reagerte på at eg ville dra og sjå Obama, men Obama er litt som Jens Stoltenberg for meg.
Litt warlord, men også positiv for mykje i samfunnet og minner meg om ei lettare tid.
(Please les dette litt lightheartet. Eg drog eigentleg fordi eg trur han har interessante ting å seie om verda, og det er vi vel samde om.)
1. Sosiale medium netto negativ
Obama meiner at sosiale medium har hatt ein netto negativ effekt på fellesskapen vår. Spesielt etter at algoritmane endra seg til å halde på merksemda vår, med drygt innhald.
Menneskelege band og samarbeidet vårt kan ikkje erstattast av maskiner, men maskiner kan utfordre og øydeleggje det. Veldig web 2.0-coded kritikk.
2. KI vil påverke menneskeslekta meir enn elektrisitet
Mykje fordi elektrisitet spreidde seg over 100–150 år. No har alle fått KI i handa, og endringane på same skala vil skje på 10–15 år.
3. Demokrati er ikkje ein destinasjon
Obama påpeika at ein ikkje veit om eit demokrati fungerer før det toler motstand og motgang.
Moderator Sofie Høgestøl sa at demokrati ikkje er ein destinasjon. Ein kan ikkje parkere bilen der, gå ut og vere der for alltid. Demokrati er ein prosess.
Vi må halde ved like institusjonane som vart bygd etter 2. verdskrig. Det er ikkje gitt at progresjonen held fram om vi ikkje held fram med å vere samde om grunnreglar og kjernesanningar.
4. Demokrati er irriterande
Med Obamacare som døme fortalde han om korleis ting kan vere verdt å gjere sjølv om det ikkje er perfekt. Obamacare var ikkje hans eige ideal, men det hjelpte 50 millionar amerikanarar.
Om ein vil få ting gjort må ein bli komfortabel i «change». Ting tek tid, og dersom det gjer ting betre, så er det verdt å gjere.
5. Kva unge må gjere
Vi må jobbe for å ikkje bli kyniske av ting som kan kjennast håplaust. Progresjon er betre enn perfekt.
Vi må halde institusjonar ved like, og dei med makt må gjere at statlege prosessar kjennest responsive.
Gode leiarar held ikkje berre fancy talar, dei får folk til å samarbeide og finn eit klart og tydeleg mål.
Vi må sjå etter likskapar i grupper med ulike menneske, og finne eit samhald.