Ny undersøking: Éin av to trur på muslimsk kulturkrasj

Muslimske og vestlege måtar å leve på er «uforenlige", svarar nesten annankvar nordmann i ei undersøking Norsk medborgarpanel har gjennomført.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konfrontert med påstanden «vesteuropeiske og muslimske måter å leve på er uforenlige», svarar fleirtalet av dei som har ei meining at dei er einige i noka grad, ifølgje Bergens Tidende.

Professor Elisabeth Ivarsflaten ved Universitetet i Bergen er ansvarleg for medborgarpanelet, og forskar blant anna på nordmenns skiftande haldningar til innvandring og integrering. Ho seier at resultatet må tolkast saman med andre spørsmål som handlar om temaet.

– Samla kan vi seie at det finst ei vilje blant majoritetsbefolkninga til å inkludere muslimar til ein viss grad, men ikkje for ein kvar pris, seier ho.

Ivarsflaten opplyser at andre resultat viser at fleirtalet meiner muslimske tradisjonar og levesett bør respekterast, men ikkje vernast.

– Det går ei ganske klar grense mellom å gi respekt og aktivt understøtte religion og tradisjon, seier ho.

Framstegspartiets veljarar er dei mest skeptiske, og drar opp snittet. Nesten åtte av ti Frp-veljarar er einige i påstandane. På dei to neste plassane kjem veljarar frå Høgre og Senterpartiet, der omtrent halvparten er einige.

(©NPK)