FpU-topp: – Regjeringa er viktigare enn Listhaug

Framtida.no har prata med tre fylkesformenn i FpU. Alle støttar justisminister Sylvi Listhaug, men dei skulle ønske at debatten handla meir om politikk.

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ingen tvil om at innlegget til Sylvi Listhaug var spissa, men det gjeld begge sider, seier Mats Persøy, formann for Framstegspartiets ungdom (FpU) i Trøndelag .

Han meiner at dei kraftige motpolane er skapt av utsegner tatt ut av samanheng.

Mats Persøy er formann i Trøndelag FpU. Foto: Privat

– Kvass retorikk har gjort forholdet mellom Ap og Frp meir polarisert, seier han.

Persøy meiner Listhaug sitt Facebook-innlegg nærmar seg grensa for kva som er greitt.

– Det var jo eit angrep på Ap, og sjølvsagt set ikkje Ap terroristar framfor nasjonens sikkerheit, men det var ikkje å gå over streken, seier han.

– Lær av ungdomspartia

Formannen i Trøndelag FpU synest dei viktige sakene druknar i persondebatt, og meiner det er mykje anna som burde fortent meir plass i media.

– EU sitt energitilsyn, ACER, ville normalt ha vore veldig stor i media om vi ikkje hadde hatt saka om mistillit.

– Det er dumt at det har vorte sånn. Eg gler meg til denne stormen legg seg og vi kan drive med politikk igjen, for det er det vi brenn for.

Persøy meiner samtlege parti kan ha noko å lære av ungdomspartia:

– Eg har inntrykk av at ungdomspartia har meir saklege debattar. Vi snakkar om politikk og ikkje om person. Der trur eg moderpartia kan ha noko å lære av oss.

Stolar på Erna Solberg

Christine Hartvigsen er formann i Rogaland FpU. Ho meiner at debatten manglar perspektiv.

Christine Elise Hartvigsen er formann i Rogaland FpU. Foto: Pressebilde

– Dette handlar ikkje om politikk lenger. I staden er det blitt ein maktkamp mellom høgre- og venstresida, seier ho.

Hartvigsen synest det er synd dersom det blir vedtatt mistillit mot Listhaug.

– Eg meiner at ein må tole at det blir skrive innlegg på Facebook som kritiserer andre parti sin politikk, seier ho.

Korleis regjeringa skal handtere saka vidare, vil ho ikkje kommentere.

– Eg veit at regjeringa kjem til å ta seg av dette på best mogleg måte, og eg er einig med Solberg i at ingen andre skal seie korleis ho skal sette opp regjeringa.

Meiner mistillit er unødvendig

– Etter mitt syn er måten Sylvi pratar på positiv. Ho skapar debatt, og det er viktig. Dessverre kan det tyde på at ho gjekk for langt denne gongen, men eg synest det er unødvendig å vedta mistillit.

Morten André Njåstad Nordanger er formann i Sogn og Fjordane FpU. Foto: Pressebilde

Det seier Morten André Njåstad Nordanger, formann i Sogn og Fjordane FpU. Han er tydeleg på at han støttar statsråden, men kan vere med på å diskutere språkbruken hennar.

I staden for mistillit, meiner Nordanger at Listhaug burde fått tilbakemeldingar på både språkbruk og politikk. Han viser til at det er mange, både i og utanfor partiet, som støttar Listhaug. Då blir det feil å presse statsråden til å gå av.

Vil ikkje ofre regjeringa

Nordanger ønsker seg ein sakleg og rein debatt, samtidig ser han verdien av å provosere.

– Sylvi får veldig motstand på det ho seier. Ho skapar engasjert debatt med liv og uro, og vi får ein ordentleg debatt om temaet, seier han.

– Blir det ikkje meir enn debatt om Listhaug?

– Jau, men det kjem som ein oppfølgar. Dei politiske partia må diskutere saka, og så kjem det om retorikken i tillegg.

Ein slik dobbel debatt er noko han som Fpu-ar er blitt vand med, for det er ikkje sjeldan at han blir møtt med ord som «rasist».

– At folk har fått inntrykk av vi er rasistar, kan komme av at vi har ein streng innvandringspolitikk. Då må vi gjere det klart at dette handlar om politikk, seier han.

– Om politikk er viktigare enn person, bør regjeringa då gå av for å berge Listhaug?

– Eg håpar for Guds skuld at regjeringa ikkje går av. Det er betre å finne ein ny statsråd, og vi har mange gode som kan jobbe med dette feltet, seier Nordanger.