Stortinget har blitt som ein barnehage. Det er gode nyhende!

Bjørn T. Bøe
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Rammeplan for barnehagar har massevis av etiske og verdimessige retningslinjer om likeverd, respekt og toleranse som Stortinget med fordel kan klippa og lima frå.

Men skal Stortinget drivast som ein barnehage er det nokre sider ved barnehagedrifta som kan bli utfordrande reint organisasjonsmessig. Det er eksempelvis lite truleg at utviklinga vi har vore vitne til i regjeringa Solberg hadde vore mogleg i Solberg barnehage.

Bjørn T. Bøe jobbar som pedagogisk leiar i ein barnehage, og er forfattar. Foto: Vicky Pridmore, Samlaget

Ville risikert å bli rettleia ut

Dersom pedagogisk leiar Listhaug i Solberg barnehage nekta å etterfølga styrar Solberg sine pålegg, og konsekvent og med overlegg la seg ut med både kollegiet, foreldra og til og med barna, ville det vore utenkeleg at styrar Solberg lét ho halda fram i stillinga, særleg om det stod på med press utanfrå.

I beste fall hadde styrar Solberg måtte flytta ho til ein annan avdeling, men sidan Solberg barnehage er ein offentleg barnehage, kunne Listhaug like gjerne risikere å bli flytta til ei heilt anna einig.

I verste fall ville ho bli rettleia ut av jobben.

Tilsyn

Rot med økonomi og med dokumentasjon i til dømes Jensen og Søviknes sine avdelingar, ville ført til tilsyn frå kommunen. Då ville det ikkje vore nok å skulde på hugsen!

Tilsyn er alvorlege greier.

At tilsette på avdelingane i tillegg har vore skulda for krenkande oppførsel, og at dette har vore forsøkt dyssa ned, ville naturleg nok falle i særs dårleg jord hjå tilsynsmyndigheitene.

Hadde dei fått jobb?

Barnehagen har strenge retningslinjer og handlingsplanar for å handtera mobbing og uønskt oppførsel. Det er i det heile nulltoleranse for slikt, heilt i tråd med Rammeplanen.

Barnehagen har krav om vandelsattest for tilsette, og gjennom barnehagelærarutdanninga blir det vurdert om kvar student er skikka til å jobba i barnehage ut frå Forskrift om tryggleiksvurdering.

Det er difor ikkje sikkert pedagogiske leiarar som Sandberg, Søviknes og Listhaug kunne fått jobb i Solberg barnehage ein gong.

Det er eit tankekors.