Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis menneske opplever dauden og eventuelt tida etter, vil kanskje alltid vere eit mysterium for oss. Kva som skjer med den fysiske kroppen, har vi derimot mykje kunnskap om. Korleis skjer eigentleg prosessen som gjer ein kropp av kjøtt og blod om til ingenting? Og kvifor ser ein daud kropp ut slik som den gjer?

I fjerde klasse på medisinstudiet starta vi med eit nytt fag kalla patologi, eller sjukdomslære, kor vi skulle studere sjukdom på mikronivå. Vi skulle også lære kva som skjer med kroppen etter dauden.

Allereie den første timen etter at hjartet har slutta å slå, begynner kroppstemperaturen å søkke med rundt ei grad i timen. Blodet, som ikkje lengre bli pumpa ut i kroppen av hjartet, blir trekt nedover av tyngdekrafta. Dette skaper store, raude flekker med blodoppsamling i huda som vender nedover, mens resten av huda blir bleik.

Rettsmedisinarar kan bruke desse likflekkane for å sjå om eit lik har blitt snudd på etter dødsfall. I tilfelle vil dei raude flekkane då vere vendte bort frå tyngdekrafta.

Kroppen blir stiv

Få timar etter dauden, begynner musklane i kroppen å stivne. Prosessen startar i ansiktet, inkludert kjeve og hals, og fører til at haka blir trekt nedover mot brystet og skapar eit gapande ansiktsuttrykk. Til og med dei små musklane som er festa til kroppshåra stivnar til, og etterlèt ein gåsehud-aktig utsjånad. Stivheita spreier seg deretter ut til resten av musklane, og fører til at kroppen bokstavleg talt blir stiv som ein stokk.

For ein rettsmedisinar er kunnskapen om kva som skjer med kroppen når den døyr essensielt. Illustrasjonsfoto: Colourbox

For ein rettsmedisinar er kunnskapen om kva som skjer med kroppen når den døyr essensielt. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Enkelt forklart oppstår denne stivheita blant anna fordi musklane ikkje har tilgang på energi, som er nødvendig for at dei skal kunne slappe av. Dødsstivheita varer som regel i litt over eitt døgn – etter det begynner rotningsprosessen å bryte ned musklane.

Oppblåst mage og grøn hud

Ein annan prosess som skjer i kroppen etter at vi døyr, involverer tarmbakteriane våre. Vanlegvis finst desse bakteriane i eit avgrensa område i mage-tarm-kanalen. Men når kroppen døyr, kan desse bakteriane spreie seg fritt gjennom daudt vev og blodårer.

Etterkvart som bakteriane bryt ned vev, produserer dei stoff som gir ein grøn-aktig farge til blodårene og huda. Bakteriane produserer også mykje gass som får tarmane til å utvide seg, og som etterlèt seg ein svært oppblåst mage.

Absurd obduksjon

Det er eit par opplevingar frå tida som medisinstudent eg hugsar betre enn andre. Obduksjon er ei av dei.

Under obduksjon går ein lege eller patolog grundig gjennom alle organ og delar av ein daud kropp på leit etter moglege dødsårsaker. Eg både gleda og grua meg.

Opplevinga frå obduksjonssalen kan berre skildrast som absurd, men då eg klarte å distansere meg kjenslemessig frå situasjonen, blei det interessant. Den søte, varme og rotne lukta i rommet; den daude, ekte og nakne kroppen på det kalde stålbordet. Sag og skalpell som så enkelt skar seg gjennom hud, vev og bein. Ein etter ein blei organa plukka ut av kroppen, vege og skore i tynne skiver for å bli studert nærmare.

Galleblæra blei opna og tømt for ei handfull gallesteinar, som såg ut som grøn-aktige småsteinar. Huda i panna blei trekt ned over ansiktet for å eksponere hovudskallen, kor ei slags «luke» blei sagd av for å plukke ut hjernen. Eg hugsar eg blei overraska over at organa såg akkurat ut som dei gjorde på bileta i anatomiboka vår.

Klisjé

Sidan den gong har eg vore til stades under fleire obduksjonar. Det har fått meg til å innsjå kor fantastiske kroppane våre er, som klarer å halde oss i live. Dei daude kroppane som låg framføre oss på stålbordet hadde vore like levande som meg for berre eit par dagar sidan.

Det fekk meg også til å tenkje på at vi ofte tar for gitt at kroppen fungerer slik den gjer. Kroppen gjer at dei fleste av oss kan både sjå, smake, lukte, føle og oppleve verda. Vi kan reise jorda rundt, vi kan løpe maraton og vi kan leve til vi er 100 år.

Kanskje ikkje klisjeen om å ta vare på kroppen sin er så dum. Kroppen er jo faktisk, alt vi har.

Få med deg fleire kule fakta om kroppen her!

Malin Bu er 25 år gammal og kjem frå Stavanger. Ho studerte medisin i Slovakia og jobbar no som fastlege i heimbyen sin.

Kult om kroppen

I denne spalta deler lege Malin Bu Solgård noko av dei mest interessante tinga ho har lært om kropp og helse.