Framtida
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor har vi angst

No er det verkeleg ingenting som er kult med å ha ei angstliding  – men det som kanskje kan vera interessant, er å forstå kvifor vi får angst. Kva for ein funksjon har reaksjonane som skjer i kroppen? Kva har angst betydd for forfedrane våre?

Malin Bu Solgård

Malin Bu Solgård. Foto: Privat

Alle har kjent på kjensla av angst eller frykt – enten i forbinding med ein skrekkfilm, før ein eksamen, eller når noko skremmer oss. For dei fleste er dette ei ubehageleg kjensle, enten psykisk, fysisk eller begge deler. Responsen vi kjenner blir kalla «fight-or-flight», og er styrt av ein liten mandelforma del av hjernen kalla amygdala, rett innanfor tinningane. Amygdala er ein del av vår primitive pattedyrhjerne som utvikla seg for rundt 250 millionar år sidan, og styrer i tillegg drivkrafta i samband med mat og sex. Til samanlikning blei den moderne menneskehjernen til for berre 200.000 år siden!

Når amygdala blir aktivert skjer det ei rekke endringar i kroppen. Hjartet slår raskare, blodstraumingane og spenninga i musklane auker, energi i form av fett og glukose blir frigjeve i blodstraumen, og pupillane utvidar seg og slepp inn meir lys for å skjerpe synet. Denne «fight-or-flight» responsen har vore livsviktig for både våre forfedrar og andre pattedyr, som til ein kvar tid oppheldt seg i farlege eller livstruande situasjonar, som til døme i møte med eit rovdyr. Då var ein rask reaksjon frå kroppen si side heilt nødvendig for å overleve. Under eitt sekund gjorde reaksjonen oss klar til å enten kjempe eller flykte frå trusselen.

Amygdala

Dei raude områda markerer amygdala. Foto: Life Science Databases(LSDB)/Wikimeida

Sjølv om vi i dag svært sjeldan finn oss i situasjonar der ein slik reaksjon er nødvendig, kan amygdala likevel overtyde deg om at du er i fare – enten gjennom høyrsle, syn, smak og lukt, eller frå indre kjensler, tankar og minne.

Ein teori som forklarar kvifor vi får angst byggjer på at langsiktig eksponering av ein stressande situasjon kan «lære» amygdala til å reagere på ting som eigentleg ikkje er ein reell trussel. Andre teoriar omhandlar genetikk og andre psykiske sjukdomar, som moglegvis kan leie til fysiske endringar i hjernen og predisponere oss for å utvikle angstlidingar.

Det er viktig å hugse på at amygdala er ein del av undermedvitet vårt – det er ikkje ein «tenkande» del av hjernen, og den er ikke mottakeleg for fornuft. Menneske med angstlidingar forstår nok ofte at den angst-utløysande situasjonen ikkje er farleg, men dette er diverre ikkje nok til å hindre reaksjonen dei får.

Det finst i dag fleire gode behandlingsmetodar mot angst. Ta kontakt med din fastlege viss du er plaga med angstkjensler.

Lurer du på noko om kroppen? Send mail til ragnhild[a]framtida.no og Malin Bu Solgård svarer deg på Framtida.no.  PS! Både legen og journalisten har teieplikt og alt er sjølvsagt heilt anonymt!

Lege Malin Bu Solgård

Malin er 25 år gammal og kjem frå Stavanger. Ho studerte medisin i Slovakia og jobbar no som fastlege i heimbyen sin. I denne spalta ynskjer ho å dele noko av det mest interessante tinga ho har lært om kropp og helse.