Framtida
Publisert
Oppdatert 26.11.2017 04:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor har nokon lettare for å leggje på seg enn andre?

I dag fell heile 40 prosent kvinner og 55 prosent menn innan kategorien «overvektig» i Noreg. Det vil seie at dei har ein kroppsmasseindeks (BMI) på meir enn 25. Totalt er faktisk den overvektige delen av Noregs befolkning større enn den normalvektige.

Førekomsten av overvekt og fedme har auka dei siste 30 åra både hjå barn, ungdom og vaksne, enkelt forklart på grunn av større inntak av kaloririk mat og mindre fysisk aktivitet.

Men kvifor har deg seg slik at nokon legg lettare på seg enn andre?

Seigliva celler

Som oftast vil storleiken på feittcellene bli redusert når ein slankar seg, utan at det påverker talet celler. Det omvendte skjer når ein legg på seg; feittcellene blir større. Men ved ei viss vektauke vil faktisk feittceller óg formera seg.

Fettcelle

Slik ser ei fettcelle ut. Foto: BruceBlaus./Wikimedia

Medan dei fleste cellene i kroppen har ei levetid mellom få dagar til veker, lever ei feittcelle i gjennomsnitt heile 10 år!

Støytdempar

Feittceller finst overalt i kroppen, og har som hovudoppgåve å lagre energi som seinare kan bli brukt når kroppen treng det, som til dømes under trening eller faste. Den største samlinga av feittceller finn vi rett under huden, som i tillegg til å lagre energi fungerer isolerande og beskytter mot kulde. Resten av feittet finn vi blant anna rundt hjartet og nyrene, kor feittet også fungerar som ein slags støytdempar.

Det finst to ulike typar fett; «kvitt» og «brunt» Mens det kvite feittet produserer energi, produserer det brune feittet varme. Brunt feitt finst først og fremst hos nyfødde og små barn, der det spelar ein viktig rolle i reguleringa av kroppstemperatur. Samme type feitt finst faktisk også i større mengder hos dyr som går i hi og treng eit lager for nettopp varme – som til dømes hjå bjørnar. Hjå vaksne menneske finst brunt feitt framleis i små mengder rundt halsen og mellom skulderblada.

Nokon forskarar meiner at forbrenninga kan auke ved hjelp av det brune fettet, fordi det tar kaloriar frå det kvite feittet og dannar det om til varme. Dette kan potensielt kan ha stor tyding for framtidas slankemetodar!

Signalprotein i hjernen styrer svolten

Ein kanskje meir ukjent funksjon feittcellene har er å produsere og skilje ut hormon. Eit av desse hormona  heiter «leptin» som har i oppgåve å dempe kjensla av svolt. Leptin sender signal til eit protein i hjernen som regulerer appetitt og vekt. Når den totale massen av feitt aukar vil også leptin-nivået i blodet auke. Det betyr at overvektige menneske har eit mykje høgare leptin-nivå enn normalvektige.

Det burde vel bety at overvektige har nedsett appetitt og går lettare ned i vekt? Diverre er det slik at sjølv om leptin-nivået aukar, fungerer ikkje signalproteinet i hjernen hjå dei overvektige som det skal og responderer ikkje like godt på leptin-hormonet. Kjensla av svolt blir difor ikkje dempa, og ein held fram med å ete meir kaloriar enn det kroppen brukar.

Saka held fram under bilete

Mor

Mor sine matvanar under svangerskapet kan påverke barnets gener. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Kvifor er kroppen laga slik?

Det finst fleire teoriar på kvifor kroppen er laga på denne måten. Den eine teorien heiter «den sparsomme genotype» («the thrifty genotype»), og argumenterer for at genar som fremjar feittlagring i stadet for  forbrenning har vore gunstig for våre forfedrar i periodar med hungersnaud. Teorien føreslår at menneske med desse genane hadde større feittlager å ta av i periodar med svolt, og dermed også større sjanse for å overleve og føre genane vidare.

Den eigentlege forklaringa på kvifor nokon legg på seg lettare er nok meir kompleks enn som så. Dei siste åra er det føreslått nye teoriar rundt noko som blir kalla epigenetikk. Epigenetikk handlar om at ein ikkje treng langvarig evolusjon for å fremje genar som i større grad lagrar feitt.

I staden fokuserar epigenetikk på miljøpåverknad under svangerskapet. Det vil seie at det mor eter kan påverke fosterets genar slik at dei er betre tilpassa tilgangen på mat frå miljøet det skal bli født ut i.

Eit døme som støttar opp under denne teorien har blitt sett i Nederland etter andre verdskrig. Barn som under fosterstadiet  hadde hatt lite tilførsle av kaloriar på grunn av krigens hungersnaud og som etter krigen hadde tilgang på eit kaloririkt kasthold, viste seg å ha større risiko for overvekt og fedme seinare i livet.

Les meir kult om kroppen her!