Får vi ei framtid som liknar på Altered Carbon?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Altered Carbon er ein science fiction-serie som går på Netflix. Han er frå boka med same namn av Richard K. Morgan som kom i 2002.

Serien minnar om cyberpunk, altså sett i ei futuristisk framtid der teknologinivået er ekstremt høgt. Dei fleste ser likevel ut til å vere temmeleg fattige og bur i mørke byar, knapt betre enn dei fleste bur i dag.

Dei rike lever evig

Dei rike, som blir kalla «Mets», etter den bibelske israelitten Metusalem som skal ha levd i over 900 år, lever i praksis evig ettersom dei kan kjøpe seg nye kroppar dei kan kopiere minnet sitt inn i når dei døyr. Eventuelt kan dei dyrke fram nye utgåvar av kroppen dei allereie har. Eg har ikkje sett nokon serie som minnar om dette, men filmar som Blade Runner har samfunn som kan likne noko.

Den første episoden gjer det klart at det handlar om ei mordgåte. Hovudpersonen Tak(eshi) Kovacs blir henta attende for å finne mordaren. Han har vore lagra i 250 år etter at kroppen han hadde vart drepen, men har no fått ein ny kropp. I starten blir det presentert ei rekke med personar som ein ikkje får noko særleg inntrykk av, men det blir betre når ein etterkvart kjem meir inn på bakgrunnen deira, særleg Kovacs sjølv.

Han har ei svært interessant historie som finn stad 250 år før serien startar. At han drep far sin etter at han drep kona si, for å hindre han i å mishandle systra, kan verke sympatisk i utgangspunktet, men fører til at han får eit brutalt og valdeleg soldatliv der han blir ansvarleg for enorme mengder med drap.

Det er kan hende noko mykje bakgrunnshistorie her, ettersom Netflix allereie har varsla at det kjem fleire sesongar av serien kan det vere det hadde vore betre å vente med noko av dette til seinare sesongar.

Slik kan ein elitesoldat sjå ut i framtida, skal vi tru Altered Carbon.
Bilete: Ulrich Peters/Flickr/CC 2.0-lisens.

Ulogiske scener

Det er likevel fleire mindre, ulogiske scener som blir irriterande. Til dømes når Kovacs utset marinesoldaten Elliot for ei utspørjing der han let seg passivisere i lengre tid, før han plutseleg bryt seg laus og freistar å drepe han. Kvifor gjorde ikkje Elliot dette med ein gong om han var i stand til det?

Urealistisk språk

Det er òg bra at det er lite irriterande vitsing som så mange seriar har no om dagen, noko som særleg er ille i seriar som The Flash og Supergirl, men eg finn det merkeleg at vi møter så mange uttrykk som er «moderne» i dag, som til dømes «jack it off». Har verkeleg ikkje språket utvikla seg meir i 2384?

Realistisk sett hadde ein vel sannsynlegvis sett eit heilt språk vi ikkje ville vere i stand til å kjenne att, men meir uttrykk og enkeltord som synte oss at dette faktisk var fjernt inne i framtida ville i alle fall ha laga ei god effekt. 2384 er noko anna enn til dømes 2049, som Blade Runner, eller andre dystopiske og futuristiske framtidshistorier som A Clockwork Orange (som jo hadde eit ganske eige språk, trass i at det var sett til ei svært nær framtid).

Det er òg merkeleg at folk snakkar alle moglege språk (russisk, spansk, arabisk og engelsk berre i første episoden) i denne byen handlinga finn stad i, det må vere vanskeleg å kommunisere med, og å forhalde seg til kvarandre, i eit samfunn som dette. Alle språkgruppene ser ut til å ha sine eigne små samfunn.

Kvifor er ikkje alle unge?

Joel Kinnaman speler hovudrolla som den japansk-slaviske Takeshi Kovacs i Altered Carbon. Bilete: Gage Skidmore/Flickr/CC 2.0-lisens.

Så om dei rike og mektige kan ha dei kroppane dei vil, kvifor er ikkje alle unge og virile? Dette får vi faktisk eit interessant svar på. Metusalemen Bancroft har faktisk eit interessant svar på det: «Kven er dei mest potente gudane i verda? Odin. Jupiter. Zevs. Ein koloss er sjeldan ein ung mann. Han er ein far, med mange barn.» Du får altså ikkje respekt frå folk over tid om du ser ung ut, hevdar han, noko som definitivt er noko å tenkje over i samfunnet i dag der evig ungdom er glorifisert hjå mange.

Kor god er Altered Carbon?

Serien er generelt god, til og med svært god, særleg gjeld det svenske Joel Kinnaman som speler hovudrolla. Sjølv om Kovacs til tider dominerer serien, kjem òg samfunnet i 2384 klart fram, og det frå mange ulike synsvinklar.

Les også: Ser du for mykje på Netflix?