Ser du for mykje på Netflix?

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

423 unge mellom 18 og 25 år deltok i ei undersøking gjort av Katholieke Universiteit Leuven i Belgia og University of Michigan, USA for å finne ut om seriefråtsing skada kvaliteten på nattesøvnen deira. Seriefråtsing vart definert som det å sjå meir enn éin episode av ein serie på Netflix eller liknande etter kvarandre.

Dei fann at 80 prosent, eller fire av fem, vedgjekk at dei fråtsa i seriar ein eller fleire gonger i månaden, og at av desse såg tre av fire langt meir enn 2 episodar om gongen.

98 prosent av seriefråtsarane vedgjekk at dei sov dårleg og var ofte svært slitne dagen etter, og dette var verre basert på kor lenge dei hadde fråtsa.

– Seriar som ofte blir fråtsa i har ofte ganske avanserte forteljinger som gjer at sjåarane ofte går djupt inn i dei og treng difor lengre tid på å «kjøle seg ned» før dei sovnar, slik at søvnkvaliteten går ned, seier Jan Van den Bulck, PhD, professor i Department of Communication Studies på University of Michigan.

Sidan dette ofte finn stad utilsikta, foreslår forskarane vidare at strøymetenester som Netflix let brukarane sine velje ei maksimumtid før dei startar å sjå noko som helst den dagen.

Dei anbefalar vidare ulike løysingar for å redusere årvakenheit rett før ein skal sove, som avslappingsteknikkar og tankefullheit.

Kjelde: Liese Exelmans og Jan Van den Bulck. «Binge Viewing, Sleep, and the Role of Pre-Sleep Arousal». Journal of Clinical Sleep Medicine, 2017