«Me gutar må få lov til å vere oss sjølve»
– Diverre så er det mange unge menn som føler at dei ikkje kan snakke om sine problem, skriv Aleksander Sognnes Heltne på mannsdagen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I dag 19. november er det den internasjonale mannsdagen. Ja, det er ein ting. Denne dagen har kanskje gått i gløymeboka for mange. Kvinnedagen har lenge vore ei større hending, med god grunn, og kvinnene våre har oppnådd mykje. Mange unge gutar i dag føler seg mindre sett i samfunnet, og mange spør seg «når er det mannsdag?». Det kan me sjå på søkestatistikk frå google. Alle dei største hoppa er i mars, same månad som Kvinnedagen, medan dei minste hoppa er i november.
Eg må presisere at eg ikkje ønskjer å sette kvinnekamp og herrekamp opp mot kvarandre, men heller løfte fram ein dag der menn i fellesskap også kan kjempe for det dei meiner er viktig.
Ein av grunnpilarane i samfunnet vårt er ytringsfridomen vår. Alle må få seie kva dei føler, og dele sine erfaringar. Me må alltid sjå etter nye løysingar for eit breiare fellesskap og meir rettvist samfunn. Diverre så er det mange unge menn som føler at dei ikkje kan snakke om sine problem, fordi andre kanskje har det verre, eller dei er skamfulle for å ikkje vere vellukka nok. Me må saman vise til alle unge gutar og jenter at me ønskjer å lytte til problema deira.
Mange unge gutar i dag føler seg mindre sett i samfunnet
Eg må få sagt det her tydeleg: Kvinner si likestilling går ikkje på kostnad av menn. Eit likestilt samfunn tener også menn. Kampen for ei meir likestilt verd og nasjon handlar om samarbeid mellom kjønna, fordeling av gledene og byrdene i familielivet og det krevst at ein tek kvarandre sine problem på alvor.
Ein trend blant unge gutar har blitt å lytte til influensarar som spreier bodskap om at grunnen til at me gutar slit, er at kvinner har det for bra. Bodskapen blir gøymt innimellom videoane, som opphavleg handlar om bilar eller økonomitips. Samhaldet vårt blir bytta ut med eit samfunn med større forskjellar, og mindre fellesskap.
Eit likestilt samfunn tener også menn
Ein må våge å seie at gutar og jenter er forskjellige. Når nokre av mine jentevener meiner at deira måte å få hjelp på, er å snakke ut om kjenslene sine med deira vener, så er det deira løysing. Og det er viktig. Eg derimot, får ofte meir nytte av å game, spele fotball, eller å ta ein pils med kompisane mine. Det at eg har ein raus venegjeng, som stiller opp med eit varmt fellesskap når eg treng det, gjer at eg klarar å halde på ei god psykisk helse.
Me gutar må få lov til å vere oss sjølve. Det viktige er at alle føler seg sett og høyrt. Me må få seie kva som hjelper oss, og politikarane må tole ein debatt om korleis me ønskjer at me skal bli behandla. Me gutar må ta vår del av ansvaret her, og vere tydelege på kva me ønskjer oss. Men då må fellesskapet spisse øyra og lytte til oss.
Eg vil oppmode alle som les dette om å spørje ein ven om korleis det går, og kanskje invitere ein av kompisane dine til å gå ned på bana og spele litt fotball, eller å game litt ilag. Små handlingar kan bety så mykje for andre. Me må stå saman for eit samfunn der alle blir høyrde, og alle kan trivast med seg sjølv. God mannsdag!