Dubie Toa-Kwapong
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spike Lee-klassikar har blitt 10 episodar på Netflix

Både den originale filmen og den nye serien tar for seg historia om Nola Darling, ei eventyrlysten ung kvinne i Brooklyn. I tillegg til karrieren som kunstnar, balanserar Nola forhold med fire svært forskjellige menneske – den romantiske forretningsmannen Jamie, spontane og sjølvopptekne Greer, morosamme Mars og den ansvarsfulle einslege mora, Opal. Nola er polyamorøs og tiltrekt til det positive i kvar av dei fire personane, men er uvillig til å gi opp fridomen hennar og inngå eit monogamt forhold med nokon av dei. Sjølv om dei alle fyrst går med på dette, viser det seg at kvar av dei tre mennene vil ha ho for seg sjølv.

Snur opp ned på kjønnsstereotypar

Då Lee skreiv manuset som 19-åring hadde han lyst å framstille ei ung frigjort kvinne som hadde ei haldning til sex og kjærleik som i stor grad var sett på som uakseptabel for kvinner, men normalt og positivt for menn. Han ville stille dei tre mennene til Nola i roller som tradisjonelt hadde blitt spela av kvinner.

Foto frå den første filmen til Spike Lee.

Foto frå den første filmen til Spike Lee.

Oppdatert

Fleira av temaa er oppdatert for passe dagens kulturkontekst. Originalen var i svart og kvit format, den nye versjonen er i farge.

Introen i originalen viste montasjar av ein Brooklyn befolka av folk av afrikansk og sør-amerikansk opphav. I dag er bydelen gentrifisert og befolka av langt fleire kvite menneske. Den nye montasjen samanliknar gamle Brooklyn med den nye, og dette er òg representert i serien.

I løpet av dei ti episodane får vi òg ei meir nyansert framstilling av dei ulike figurane. Vi får meir tid med kvar av dei, og får meir utfyllande informasjon om bakgrunnane deira, familiane deira og det dei jobbar med. Vi får gå gjennom verda med Nola, og oppleve korleis det er å vere ei ung, polyamorøs afroamerikansk kvinneleg kunstnar som prøver å finne ut kven ho er og personen ho ynskjer å bli.

Ikkje uproblemastisk

Den originale filmen var ikkje uproblematisk, og det er heller ikkje serien. I originalen vert Nola valdteken av Jamie, som meiner ho gjer han til latter ved å ikkje forplikte seg. Etter valdtekta innser Nola at Jamie er mannen for ho og dei inngår eit monogamt forhold. Dette varer i kort tid, får vi høyre av Nola sjølv i den avsluttande monologen der ho forklarer at ho ikkje klara å vere trufast mot Jamie og erklærer monogami som ei form for slaveri.

Nokre har kritisert valdtektsscena med utgangspunkt i at dette tek makta til Nola, og set den i hendene til Jamie. Andre meiner dette var ein måte å ta opp det at mange kvinner utsetjast for valdtekt i kjæresteforhold.

I serien vert seksuell vald handtert på ei anna måte. Dette er kanskje fordi Lee har tatt om bord kona, Tonya Lee, som produsent og fleire kvinnelege manusforfattarar har fått forma plottet. Desse forfattarane inkluderer Lee si syster, Joie Lee (som spela bestevenninna til Nola i 1986-versjonen og speler mora til Nola i serien), Pullitzer-vinnaren, Lynn Nottage og Obie-vinnaren, Eisa Davis.

LES OGSÅ: Sembene! Historia om afrikansk film

(artikkelen held fram under videoen!)

Kritikk

I serien er det ei scene der Nola sit i ei drosje på veg til ei kunstutstilling. Vi ser aldri sjåføren, men høyrer stemma hans. Han har ein sør-aust asiatisk aksent og oppfører seg på eit upassande vis. Scenen er tilfører ikkje noko til historia og spelar på skadelege stereotypar. Fleire har merka seg på sosiale medium at serien absolutt kunne klara seg utan den. Mange meiner òg framstillinga av polyamori er dårleg gjennomført

Det er òg fleire fantastiske augneblink i serien. Eit døme er ein montasje der Nola besøker ein kyrkjegard i Brooklyn som ein hyllest til artistane som har røter i denne bydelen. Eller når ho og dei tre mennene hennar dansar i heil-lilla antrekk til Prince-låta «Raspberry Beret».

I alderen av uendelege reboots er det gjerne mange som, med god grunn, er litt skeptiske til nye versjonar av klassikarar. Med She’s Gotta Have It lukkast Lee og resten av teamet i å skape ein fersk og utfordrande versjon som held på mykje av det gode ved originalen, samtidig som dei tilbyr nye og nødvendige impulsar.

LES OGSÅ: Desse seriejentene må du sjå!