Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 25.08.2018 21:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stranger Things 2 er noko av det beste du kan sjå på Netflix

Er det ein ting med Stranger Things som verkeleg imponerer, så er det at serien ikkje undervurderer barn. Med sitt grøssande uttrykk forstår sjåaren at denne serien er for vaksne, men det hindrar oss ikkje i å heie på barn.

Handlinga i Stranger Things 2 tar igjen føre seg vennskapet mellom Mike, Will, Dustin og Lucas. Dette året, som no er 1984, har ei ny jente flytta inn i småbyen Hawkins. Ho heiter Max, står på rullebrett og spelar arkadespel. Max er stesyster til den eldre og slemme Billy.

Eleven og Max

Max blir etterkvart venner med kompisgjengen, mot Billy sine forsøk på å skremme ho frå det. Som karakter tilføyer Max serien mykje. Ho er tøff og samstundes sårbar, og ho skapar både splid og forsoning i gjengen. Jo betre kjennskap vi får til Max, jo betre likar vi henne. Men samstundes kan det verke som at ho er plassert inn som ein erstattar for Eleven sitt fråvær i byrjinga.

Mike saknar Eleven, som no er gøymd i hytta til politisjef Jim Hopper. Etter kvart tøyar Eleven grensene for å finne ut meir om seg sjølv, mens ho må skjule seg frå styresmaktene. Ho lærer dessutan meir om kreftene sine. Joyce Byers har fått ny kjærast, den snille og uvitande Bob, og ting går tilsynelatande som det skal i Hawkins etter det dramatiske fjoråret.

Hjerneflåaren

Men alle hugsar det ekle larve-liknande dyret som Will hosta opp i slutten av førre sesong? Vi veit at idyllen ikkje er kome for å bli. Det tar ikkje lang tid før Will blir heimsøkt av The Upside Down, ein annan dimensjon som husar demogorgane. Og no blir Will jakta på av monsteret over alle monster: Hjerneflåaren. Will oppfører seg stadig rarare og Dustin får plutseleg auge på ein slags reptil som han tar som kjæledyr. Det viser det seg at han ikkje burde ha gjort …

Det er mange fenomen i denne sesongen som er oppbrukte i film og TV. Det inkluderer trusselen frå ein annan dimensjon, «eksorsisme», røter som angrip og tenåringsjenter med superkrefter. Likevel funkar det. Fordi skaparane av Stranger Things har klart å uttrykke alt dette på nye måtar. Gjennom eit elegant soundtrack, godt skrivne karakterar og gode visuelle bilde, fangar serien deg frå første til siste stund.

Stemningsfylt

Det er ikkje eigentleg handlinga som gjer Stranger Things til ein av dei beste seriene du kan sjå nett no. Det er den dystre stemninga som Duffer-brørne har klart å skape. Det er forteljarteknikken og det at karakterane stadig utviklar seg. At sesongen kjem same månad som handlinga går føre seg i, midt på Halloween, er heller ikkje feil.

Den nye sesongen av Stranger Things har alt: Kjærleik, drama, thriller og grøss. Igjen står nabolaget i Hawkins framfor store prøvingar, og dei viser alle mot, uansett alder. Nancy slit med dårleg samvit etter det som hende med venninna Barbara, og saman med Jonathan skal ho no finne dei skuldige. Den yngste garden finn også ut mykje om trusselen dei står ovanfor, men blir stadig undervurderte av dei eldre.

Likevel er det barna som er dei største heltane i Stranger Things, og eg gler meg til å sjå meir av gjengen i åra framover. Netflix har nemleg lova minst to sesongar til.