Det sårbare, digitale rommet

Elise Løvereide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg møter Artem Kuosti (23) på eit kjøpesenter i Helsinki. Han jobbar innanfor innhaldsmarknadsføring og blir engasjert når eg spør om han har høyrt om det digitale grenseforsvaret.

Finland skal, til liks med Noreg, mest sannsynleg innføre ei ny lov i løpet av 2018, som gir Etteretningstenesta innsyn i konkrete personar sin datainformasjon.

Dersom Etteretningstenesta fattar mistanke til noko kriminelt, kan dei få innsyn i samtalar, internettrafikk og tekstmeldingar som går ut av landet – så sant dei har godkjenning frå ein domstol. Dette er Datatilsynet i Noreg sterkt kritiske til.

Delte meiningar blant folk

– Det er ikkje ei svart-kvit-sak, synest eg. Det er som å ha ein kniv. Du kan kutte brød med han, men også stikke folk med han, seier Kuosti, etter at vi har snakka litt om det nye forslaget.

Mayo Jurkas (28) jobbar som butikksjef på kjøpesenteret, og har heller ikkje høyrt om det digitale grenseforsvaret.

– Eg synest at alt eg sender til andre, er privat. Eg vil ikkje at nokon potensielt kan lese e-postane mine eller samtalane mine.

På kjøpesenteret treffer vi òg Petra (20). Ho meiner at så lenge det blir gjort riktig, så kan det vere eit godt tiltak.

Videoen er laga av Elise Løvereide, Liisa Kaupinnen og Mie Olsen.

– Ei dråpe i havet

Olav Lysne er informatikar og professor ved Simula Metropolitan og ved Universitetet i Oslo. Han leia Lysne 2-utvalet som vurderte innføringa av digitalt grenseforsvar i Noreg. Lysne grunngjer digitalt grenseforsvar slik:

– Etterretningstenesta sitt samfunnsoppdrag handlar ikkje om kriminalitet. Det er politiet si oppgåve. Oppdraget til E-tenesta handlar om tryggleiken til nasjonen. Dei har ikkje lov til å drive verksemd som rettar seg mot nordmenn i Noreg, men den informasjonen dei treng ligg som ei dråpe i eit hav av informasjon om kvar av oss. Så spørsmålet dreier seg om korleis E-tenesta skal få tilgang utan at det går på akkord med personvernet.

Kontrollorgan

Svaret, ifølge utvalet, er kontrollmekanismar. For det første må Etterretningtenesta få godkjenning av ein domstol for å kunne hente ut konkret data. I tillegg vil eit anna kontrollorgan følge E-tenesta i sanntid døgnet rundt. Ved sida av dette vil EOS-utvalet ved Stortinget drive etterhandskontroll. EOS-utvalet fører ei ekstern og uavhengig kontroll av om dei hemmelege tenestene held seg innanfor regelverket, spesielt for å hindre at enkeltpersonar blir utsette for ulovleg overvaking.

– Det vil ikkje bli tatt ut så mykje som ein bit med informasjon utan at domstolen kan finne ut og godkjenne årsaka til dette, seier Lysne.

– Kven vil så desse kontrollorgana bestå av?

– Domstolen består av tryggleiksklarerte dommarar som kan handtere klassifisert og gradert materiale. EOS-utvalet består i hovudsak av tidlegare stortingsrepresentantar. Skal dei reelt kunne føre kontroll, må deira digitale kompetanse bli styrka. Når det gjeld tilsynet, er det foreslått eit tryggleiksklarert personell knytta opp mot Samferdsledepartementet, sidan dette departementet har ansvar for lovbeskytta kommunikasjonsverv.

Til Framtida.no denne veka sa journalist i Inside Telecom, Varog Kervarec, at det er for lite openheit rundt det digitale forsvaret og at staten ber om mykje tillit frå befolkinga. Noreg er tradisjonelt eit land der folket har stor tillit til staten, og mangelen på merksemd rundt denne lova vitner kanskje også om det.

Alvorlege spørsmål

– Finst det ikkje andre måtar å kjempe mot terror og cyber-angrep på?

– Det er snakk om aktivitet og hendingar som skjer i det digitale rommet og som potensielt kan true vatn- og straumforsyninga vår, infrastruktur, sjukehus, oljenæring. Spørsmålet vi bør stille oss, er om vi torar å la E-tenesta operere i dette digitale rommet, seier Lysne, og held fram:

– Det er ikkje slik at E-tenesta ikkje har tilgang til informasjon frå kablane i dag, men no er det liten kontroll over kva som skjer der. Vi må få norsk kontroll over dette innanfor norsk territorium. Når det er sagt, er dette alvorlege spørsmål. Det er ekstremt gode grunnar til å seie nei til digitalt grenseforsvar, men også ekstremt gode grunner til å seie ja, meiner Lysne.

Forslaget om eit digitalt grenseforsvar har møtt sterk kritikk frå Datatilsynet, på bakgrunn av uro for personvernet. Foto: Matthew Henry/Unsplash

E-tenesta vil altså overvake det som går føre seg i utlandet og potensielt få innsyn i det dei anser som mistenkeleg. Dette gjeld også nordmenn som oppheld seg i utlandet.

– Alt som inneber truslar mot Noreg kan falle inn under dette, men det krevst ei grunngjeving. Det skal ligge til grunn ein mistanke om trussel mot norske interesser.

Samarbeid mellom land

På spørsmål om E-tenesta i Noreg kan dele informasjonen dei har med E-tenester i andre land, svarer Lysne ja.

– Det eksisterer etteretningssamarbeid på tvers av landegrenser. I all hovudsak skal vi vere glade for det. Dersom ei bombe går av i Paris, vil norsk E-teneste få informasjon frå dei for å finne ut av eventuelle samband til Noreg. Det har jo også noko ubehageleg ved seg, fordi vi ikkje heilt veit kva som blir utveksla av informasjon.

– Kva slags kriterium vil E-tenesta kunne gå etter for å søke løyve til innsyn i data om ein person? Er det nok at personen googlar noko «snodig», la oss seie ordet bombe?

– Det skal ikkje vere nok. Det er noko som heiter ukjent modus, ukjent aktør. Ved eit scenario kan vi vite at nokon er involvert i noko, men ikkje heilt kva dei driv med. I andre scenario kan vi vite at noko blir planlagt, men ikkje av kven. Dersom ein ikkje finn dokumenterbart grunnlag for mistanke, kan ein ikkje bruke dataen. Uansett skal ikkje E-tenesta ha innsyn i trafikken til ein nordmann i Noreg.

Lysne understrekar at alle våre naboland allereie har eit digitalt grenseforsvar, der dei kan overvake trafikken til nordmenn.

– England, Sverige, Danmark gjer allereie dette. Finland planlegg grenseforsvar no, og det er vel ingen som tvilar på at Russland driv med det.

Har ikkje personvern

På gata i Helsinki er det likevel ikkje mange finnar som er klare over at landet mest sannsynleg vil innføre eit digitalt grenseforsvar. Artem Kuosti er usikker på om det vil påverke ham som borgar.

– Eg trur at i vår tid, så finst det ikkje noko som heiter personvern. Du har allereie gitt opp alle dine rettar til privatliv når du er på Facebook og Google, slår han fast.

Etterretningstenesta /E-tenesta

  • Norges militære og sivile utanlandsetterretningsteneste, organisert under forsvaret. Dei har tre hovudoppgåver:
  • 1) Hjelpe norske myndigheiter med informasjon og vurderingar om utanriks-, sikkerheits- og forsvarspolitiske forhold.
  • 2) Å framskaffe informasjon og varsle om forhold som kan true Noreg og norske interesser.
  • 3) Å støtte Forsvarets operasjonar innanlands og utanlands.

Kjelde: Forsvaret.no