Du blir meir overvaka enn du trur

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 10.03.2018 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samstundes med at EU styrkar personvernet med nye og strenge reglar i mai, vurderer regjeringa i Noreg og Finland å sette i verk eit digitalt grenseforsvar. I praksis betyr det at Etterretningstenesta, det vil seie Forsvaret, får tilgang til telekommunikasjon som går ut av landet, dersom dei får godkjenning av ein domstol.

– Så det dei vil ha tilgang til på dagleg basis, er kven som snakkar med kven. All informasjon som krysser grensa i kablar vil bli tilgjengeleg for Etterretningstenesta, seier Varog Kervarec, som er journalist i Inside Telecom og ekspert på teletrafikk.

Lyttestasjon i Ringerike

Sist veke vart det avslørt at Forsvaret allereie har utvikla ein «lyttestasjon» i Ringerike, som også kan overvake data- og telefontrafikken til nordmenn.

No kan altså E-tenesta få tilgang til den same informasjonen via fiberoptiske kablar, og ikkje berre via satellitt, dersom Lysne-utvalet får det som dei ønsker. Tidlegare forsvarsminister Ine Søreide Eriksen tala i oktober for å innføre det digitale grenseforsvaret i løpet av 2018, på bakgrunn av argumentet om nasjonal tryggleik.

Der skreiv ho mellom anna at «Kritiske samfunnsfunksjoner kan være under angrep lenge, uten at vi engang vet det (…) Skal vi demme opp for et trusselbilde i stadig endring, må vi handle nå.»

Datatilsynet: Krenkar menneskerettar

Det digitale grenseforsvaret er blitt sterkt kritisert for brot på personvernet, mellom anna av Datatilsynet. Dei har ikkje svart på Framtida.no sine førespurnadar, men skriv dette i høyringsuttalen sin:

«Forslaget krenker etter Datatilsynets syn både enkeltmenneskers personvern og rettigheter etter Den europeiske menneskerettighetskonvensjonen og Grunnloven. Dette synet ble bekreftet i desember 2016, da EU-domstolen slo fast at generell innsamling og lagring av kommunikasjonsopplysninger om en ubegrenset krets av personer, er i strid med menneskerettighetene.»

Alt går utanlands

Det er lett å tenke at ein sjølv sender lite meldingar utanfor landet, men i realiteten går nesten all trafikk i Noreg gjennom Sverige.

– Vi veit ikkje kva samtalar som går via Sverige eller ikkje. Om du vil vere på den trygge sida bør du berre tenke at samtalane dine alltid går ut av landet, seier Varog Kervarec.

Eriksen skriv på vegner av regjeringa at E-tenesta ikkje vil overvake norske borgarar, men individ og forhold i utlandet. Det betyr i praksis at forsvaret i andre land også kan lytte til mine samtalar, som nordmann, dersom dei synest det er grunn til det.

I hovudsak skal grenseforsvaret forhindre terror og alvorleg cyber-kriminalitet, men det er uklart kva som går inn under definisjonen av desse, og kva kriterium dei vil legge til grunn for å kunne velje ut ein spesifikk person.

Varog Kervarec.

– Ikkje nok openheit

I tillegg til kritikken rundt personvern, har det digitale grenseforsvaret også blitt kritisert for mangel på openheit. For at E-tenesta skal kunne gå inn i eit materiale frå ein spesifikk person, må dei ha godkjenning frå ein domstol, men det er uklart korleis dette vil fungere.

– Om du har ein spesialisert domstol som skal gje E-tenesta tilgang til innhald, kva veit vi eigentleg om ein slik domstol? Det er veldig hemmeleg. Det er rett og slett ikkje nok openheit. Dei spør om å få ein stor grad av tillit, utan at dei gir den same tillita tilbake til folket som skal ha fordelen av dette. Det er ein dårleg match her, og det uroar meg, seier Kervarec.

– Vil det digitale grenseforsvaret bryte menneskerettane, meiner du?

– Kanskje ikkje bryte, men i alle fall utfordre. Eg synest dette er eit demokratisk problem. Regjeringa seier at det norske folk berre må stole på dei, samstundes med at dette vil gå føre seg i eit lukka system. Faren ved å tillate det, er at personvernet vil bli ytterlegare trua av at overvakinga eskalerer.

Trykk på teksting viss du vil ha det! Videoen er laga av Elise Løvereide, Liisa Kaupinnen og Mie Olsen.

Teleselskap loggfører deg

Teleselskap lagrer også telefontrafikken din i tre månadar. Kvar gong du ringer nokon eller sender ei melding kjem dette inn til nærmaste base, som registrerer og lagrar dette.

Det er praktisk dersom politiet treng informasjonen i samband med etterforsking, men i andre samanhengar kan det vere truande for personvernet.

– At data som oppgir kontakt og lokasjon blir lagra i tre månadar er eit godt verktøy for politiet, men elles ser eg ikkje korleis dei skal trenge data på kundane sin lokasjon til ei kvar tid. Men denne lova vil sannsynlegvis bli endra snart, trur Kervarec.

Informasjonsutveksling

Journalisten er skeptisk til implementeringa av det digitale grenseforsvaret når vi har teknologien til å handtere kriminalitet og terrorplanlegging på andre måtar.

– Men når eg stiller Olav Lysne, leiaren av Lysne-utvalet, dette spørsmålet, så får eg ikkje noko svar. Vi snakkar her om ei mengde data på storleik med fjell. Der vil all data ligge lagra.

– Kan styresmakter dele informasjonen dei har med andre land?

– Du må gå ut frå at dei vil dele informasjonen med andre E-tenester i andre land. Ein kan anta at Noreg tar imot informasjon om utanlandske innbyggjarar eller om nordmenn i utlandet. Når dei gir ut slik informasjon, er det naturleg at dei vil ha informasjon i retur. Dette vil sjølvsagt bli lovregulert, men vi veit ikkje detaljane. Lova er ikkje passert enno, så det står att å sjå.

Etterretningstenesta/ E-tenesta

  • Norges militære og sivile utanlandsetterretningsteneste, organisert under forsvaret. Dei har tre hovudoppgåver:
  • 1) Hjelpe norske myndigheiter med informasjon og vurderingar om utanriks-, sikkerheits- og forsvarspolitiske forhold.
  • 2) Å framskaffe informasjon og varsle om forhold som kan true Noreg og norske interesser.
  • 3) Å støtte Forsvarets operasjonar innanlands og utanlands.

Kjelde: Forsvaret.no