Sju av ti mislikar at reklameskilt kan analysere dei
Ei undersøking frå Teknologirådet viser at 68 prosent av dei spurde er negative til at skilt kan analysere kjønn, humør og ansikt for å gi tilpassa reklame.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Undersøkinga er gjennomført i januar i samband med at Datatilsynet og Teknologirådet markerer den internasjonale personverndagen. Folk er spurt kva dei synest om fire ulike bruksområde for teknologi som samlar inn og analyserer data om følelsane deira.
Resultata er presentert i personvernrapporten, og viser at folk generelt er meir negative enn positive til emosjonell overvaking, til og med når føremålet er å hjelpe. Rundt 40 prosent er negative til tiltak der emosjonell overvaking skal forbetre elevars læring, rettleie tilsette eller forhindre sjølvmord. 23–24 prosent er positive til slik analyse.
Størst skepsis vekkjer reklameskilt som analyserer kven ein er: 68 prosent synest ikkje noko om denne bruken, mens berre 10 prosent er positive.
Tema for personvernrapporten 2018 er kunstig intelligens og i kva grad folk kan stole på at ulike instansar behandlar data om dei til deira beste. Blant spørsmåla som blir stilt er korleis all innsamla data kan brukast, om folk er komfortable med at følelsane deira blir overvaka og analysert.
- LES OGSÅ: Blir du lurt av snikreklame?