Fleire skular droppar karakterar

– Fleire venner av meg er misunneleg for at eg slepp alle karakterane, seier Regitze Møbelvang (13), elev ved Storetveit skule i Bergen. 

Elise Løvereide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regitze og Mia får berre karakterar éin gong i halvåret

– Vi skal rigge dei for livet, seier rektoren ved Storetveit ungdomsskole i Bergen.

Skulen er éin av 11 ungdomsskular i Bergen som no droppar karakterane så langt det lar seg gjere. Utdanningsdirektoratet har også fått tilbakemelding om at fleire skular vil teste redusert bruk av karakterar.

Storfornøgde

For 8. klassingane ved Storetveit ungdomsskole gir lærarane berre ut termin- og standpunktkarakterar i faga sine.

Rektor ved skulen, Eli Sture Handeland, fortel at både foreldre, elevar og lærarar er storfornøgde med endringa:

– Det har lenge vore ein tradisjon om å ha undervegsvurdering i form av karakterar, men det har aldri vore eit krav etter forskriftene. Dei svært skuleflinke elevane er ofte dei som misliker den «karakterfrie» skulen mest, men dei aller fleste elevane er positive, seier ho.

Hemmar læring

Etter at skulen i februar i fjor fekk besøk av skule- og pedagogikk-ekspert Egil Weider Hartberg, uttrykte lærarane eit ønske om å fjerne karakterar som vurderingsform undervegs.

– Forsking underbygger at karakterar hemmar læring, snarare enn å fremje læring. Mange har trudd at dei skal rekne ut gjennomsnittet av alle karakterane sine, men det står ingen stad at det er sånn det skal vere.

LES OGSÅ: Skular fjerna karakterar i orden og åtferd – med god effekt

Mia vedgår at det var eitt par overraskingar, medan Regitze fekk betre karakterar enn ho hadde forventa. Foto: Elise Løvereide

Fekk som forventa

I dag får elevane på 9. og 10. trinn framleis karakterar, mens dei nye 8. klassingane som begynte i haust er dei første som berre får termin- og standpunktkarakter. Det er elevane Regitze Møgelvang (13) og Mia Myklebust Galtung (13) glade for.

– Vi fekk vår første terminkarakter no i januar. Før det gjorde vi ei eigenvurdering for nivået vårt, og det stemte ganske bra med karakterane vi fekk, seier Mia.

Mia vedgår at det var eitt par overraskingar, medan Regitze fekk betre karakterar enn ho hadde forventa. Dei to fortel at dei skjønner sånn cirka korleis dei ligg an på grunn av eigenmeldinga.

– Du skriv om korleis du trur du gjer det i faget, og dersom det sprikar veldig, tar læraren ein prat med deg. Men eg trur dei fleste fekk det dei forventa, seier Regitze.

– Misunnelege

Elevane er glade for at dei slepp den konstante samanlikninga i klasserommet.

– Eg er ganske glad for at vi har det slik på Storetveit, og det er fleire venner av meg på andre skular som seier at dei er misunnelege.

Skape kompetanse for livet

Rektoren ved Storetveit meiner at skular ikkje berre skal skape kunnskap, men kompetanse på korleis kunnskap skal nyttast. Det handlar om å heile tida utvikle seg.

– No kjennest karakterar ut som ein dom, og elevane blir veldig opphengt i talet framfor kva dei har lært. Tilbakemeldinga bør heller vere «så langt kom vi no.»

Éin av grunnane til at fleire skular i Bergen no har skrota karakterane, er presset det førte med seg blant elevane.

– Eg har merka at stressnivået har gått ned, men det er framleis for tidleg å seie. Det er klart at grunnlaget for å samanlikne seg med andre går ned. I tillegg skal ein ikkje berre lære mest mogleg på kort tid, og så gløyme det. Vi skal tenke at vi har god tid på oss.

Ingen motivasjon av karakterar

– Men får elevane litt sjokk når dei ser sine første karakterar?

– Akkurat det var lærarane litt uroa for. Men vi kan jo gje tilbakemelding til elevane på same måte som dei gir tommel opp og smilefjes i barneskulen. Elevane er dessutan dyktige på eigenvurdering – dei kunne nesten ha sette karakter sjølv.

– Er det fare for at dei elevane som gjer minst no gjer endå mindre?

– Eg har aldri møtt nokon som ikkje ønsker å bli betre i noko. Så då må vi finne ein annan veg inn. Karakterar har aldri motivert dei som slit, hevdar Handeland.

LES OGSÅ: Får karakteren 5 og 6 med mange feil

Politisk usemje

Ikkje alle er samde i at fleire skular droppar karakterane som undervegsvurdering. I valprogramma til Høgre, FrP og Venstre i Bergen stod det i 2011 i partiprogramma at dei ønskte karakterar allereie i barneskulen. I september sa Henning Warloe (H) til Bergensavisen at det er feil at ungdomsskulane i Bergen sjølv kan velje å droppe karakterane.

Leiaren i Hordaland Unge Høgre. Foto: Mikael Persson.

Leiaren i Hordaland Unge Høgre, John Andre Kongsvik, seier til Framtida.no at Bergen Høgre ikje har vedtatt noko spesifikk politikk på temaet, anna enn at ein er positiv til karakterar i ungdomstrinnet, slik systemet er i dag.

– Grunnlaget for å meine at karakterar er viktige å ha i ungdomsskulen, er at det er essensielt å kunne teste og å kartlegge elevar. Kva slags nivå eleven har er viktig med tanke på forbetringar. Konsekvensen av å droppe karakterar som undervisingsgrunnlag kan vere at det blir vanskelegare å kartlegge elevane undervegs, seier Kongsvik.

Kongsvik presiserer at han er for karakterar i ungdomsskulen.

– Men som Høgre-politikar lyttar eg alltid til forsking, og vil sjå på nye løysningar. Så lenge noko er godt fagleg begrunna, er eg ikkje redd for å prøve noko nytt.

– Usemje må vere lov, seier rektor Eli Sture Handeland.

– Skulen skal bruke vurderingssituasjonar som er læringsfremjande. Det er lenge sidan skulen handla om å pugge formlar eller belgiske byar, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Gutane får dårlegare og dårlegare karakterar enn jentene