Gutane får dårlegare og dårlegare karakterar enn jenter

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gutane går ut av ungdomsskulen med dårlegare karakterar enn jenter i nesten alle fag. Prestasjonane blir svakare jo eldre gutane blir, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Dei ferske tala føyer seg inn i rekka av fleire forsøksfunn. Denne utviklinga vil forhåpentleg føre til at lærarane i større grad interesserer seg for korleis dei kan utvikle undervisninga slik at også gutane blir meir engasjerte, trur Handal.

Kroppsøving er det einaste faget kor gutane i snitt oppnår høgare standpunktkarakter enn jentene.

Han seier at fråfallsstatistikken viser noko av det same – at fleire gutar enn jenter fell frå.

– Desse tala tyder på at vi har nokre utfordringar med å treffe gutane, men det er vanskeleg å seie kva det er. Men om eg skal spekulere, kan det ha samanheng med at skulen ikkje er praktisk og variert nok, og at gutane kjedar seg meir, seier Handal.

LES OGSÅ: Nøgd med færre karakterar

Forskjellane aukar

På slutten av ungdomsskulen er karakterforskjellane mellom skuleprestasjonane til gutar og jenter langt større enn tidlegare i skulelaupet, viser tala frå SSB.

Karakterforskjellane er minst i matematikk. Her fekk gutane i snitt karakteren 3,5 i standpunkt frå ungdomsskulen. Snittet til jentene er 3,7. Rundt ein av fire gutar fekk karakteren 1 eller 2 på matematikkeksamen, mens det same gjeld i underkant av ein av fem jenter.

Dei største kjønnsforskjellane ser ein i norsk hovudmål – både i standpunkt og i eksamensresultat. Snittet til jentene i standpunktkarakter var 4,2, mens snittet til gutane var 3,5. Langt fleire jenter enn gutar får gode karakterar i norsk. Heile 41 prosent av jentene gjekk ut av grunnskolen med 5 eller 6 i norsk standpunkt, mens delen gutar med same karakterar var 16 prosent.

Kjønnsforskjellane er likevel mindre på dei nasjonale prøvene, der gutane har overtaket dei første åra.

Gutane gjer det betre enn jentene på rekneprøvene på 5., 8. og 9. trinn, men jentene får overtaket både på eksamen og i standpunkt matematikk på 10. trinn.

I lesing blir gapet mellom gutar og jenter gradvis større i favør av jentene, for så å bli markant større i norsk hovudmål ved avslutta skulegang.

Individuelle forskjellar

Handal presiser at det bak desse tala finst mange enkeltelevar blant både gutar og jenter som scorar annleis enn hovudbiletet.

– Og det er ikkje trist at jentene scorar bra, men målet må vere at skulen treffer både jenter og gutar meir likeverdig, seier han, og fortel at ein står framfor eit stort arbeid med fagfornyinga, kor læreplanar skal reviderast.

– Det gir oss ein veldig fin moglegheit til å justere fagplanane i ei retning som kan motverke den tendensen vi ser her.

Han trur ikkje reine jente- eller guteklassar løyser noko problem.

– Forskinga viser at dei beste læremiljøa er i heterogene, samansette grupper, seier han.

At lærarkorpset – spesielt i grunnskulen – er prega av kvinner, er ikkje like heldig.

– Eg trur det er lurt at ein prøver å få eit lærarkorps som speglar befolkninga, seier Handal.