Det er ingen formell forskjell mellom krava til kva du skal kunna under eksamen i hovudmål eller sidemål. Leiaren Norsk Lektorlag meiner sensuren er for slapp.

Faktaboks

• I skuleåret 2014-2015 hadde 12 prosent av alle grunnskuleelevane nynorsk som hovudmål.
• På Vg3 studieførebuande og påbygging er prosentdelen som leverer eksamen i hovudmål på nynorsk no heilt nede i 6,4.

Kjelde: Språkfakta, Udir

LES FAKTALUKK FAKTA

Nyleg kom ein rapport frå NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning), som avslører at norske elevar etter vidaregåande manglar grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving.

Leiaren i Studentmållaget i Oslo (SMiO) slo for kort sidan alarm om at lærarstudentar manglar grunnleggjande kunnskapar i nynorsk før dei startar på studiet.

Leiaren i Norsk Lektorlag er ikkje overraska, ho meiner dessutan at krava i sidemål, som for dei fleste er nynorsk har vorte for slappe i løpet av dei siste 20 åra.

– Eg har høyrt at tilfellet «anything goes» gjeld i sidemål, seier leiar i Norsk Lektorlag, Gro Elisabeth Paulsen på telefon til Framtida.no.

Ho er sjølv utdanna norsklektor og har lang fartstid som sensor i den vidaregåande skulen. I tillegg har ho tett kontakt med Fagutvalet i norsk.

– Ein sensor sa at ein kan få ein femmar eller seksar med ti-tolv formalfeil i ein skulestil, som er ganske mange. Inntrykket mitt er at norsksensuren i fleire tiår har vorte stadig mindre nøye på den formelle rettskrivinga. Spørsmålet er om ein skal bestå dersom ein ikkje meistrar formverket, undrar Paulsen, som vidare stiller spørsmål ved Utdanningsdirektoratet si sensorrettleiing.

LES OGSÅ: Paulsen: – Inga overrasking at studentane er svake i nynorsk

Utdanningsdirektoratet
Seniorrådgivar i Utdanningsdirektoratet Tone Vindegg understrekar at sidemålet har ei sterk stilling i læreplanen i norsk.

«Elevane skal begynne tidleg å skrive på sidemålet, og på ungdomstrinnet og studieførebuande er det same kompetansemål og krav til tekstane. Vi ventar at lærarutdanninga tek dette på alvor,» skriv ho i ein e-post, sendt frå senior kommunikasjonsrådgjevar Trine Oskarsen.

I tillegg til eksamensrettleiinga blir det utarbeidd ei kortfatta sensorrettleiing for Vg3. Der står dette om formell meistring av sidemål:

 «Det er ingen fagleg nivåforskjell på innhaldet i hovudmålseksamen og sidemålseksamen. Matrisen med kjenneteikn på måloppnåing er felles for dei to eksamensdagane, men når det gjeld underpunkta om ortografi og formverk, kan sensorane vente at eksaminandane meistrar hovudmålet sitt noko betre enn sidemålet.»

Dette er ifølgje Vindegg i samsvar med ein lang og etablert praksis i den norske skulen.

LES OGSÅ: Éin av tre vil slå saman norskkarakteren

Leiar i Norsk Lektorlag Gro Elisabeth Paulsen har sjølv mange års erfaring som sensor og stiller spørsmål til retningslinene frå Utdanningsdirektoratet og praksisen i norske skular. Pressefoto

Åtvarar mot ein norskkarakter
Norsklektor Paulsen er ikkje i tvil om at nynorsken si stilling vart svekt då obligatorisk skriftleg eksamen i sidemål på Vg2 vart erstatta av uttrekkseksamen.Inntrykket til Paulsen er at fleire elevar no satsar på at dei ikkje vert trekte ut til eksamen, og om dei blir det, kan dei greie seg med bruk av omsettingsprogram og ting dei finn på internett.

På same måte som dei åtvara mot å avskaffa obligatorisk sidemålseksamen, meiner lektorlaget at forslaget om å slå saman dei to skriftlege norskkarakterane til éin, er ein dårleg idé.

Her er ho heilt på line med Noregs Mållag, som gjentekne gonger har åtvara mot å fjerna karakteren i sidemål.

LES OGSÅ: Fekk betre enn 6 på norsk-eksamen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE