Skular fjerna karakterar i orden og åtferd – med god effekt
Forskarane merkar nedgang i fråværet etter forsøket.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fire vidaregåande skular i Rogaland er med i eit prøveprosjekt der dei har fjerna karakterane i orden og åtferd. Forskarane merkar nedgang i fråværet. Det skriv Dagens Næringsliv (DN).
Sjølv om hovudgrunnen til nedgangen i fråværet truleg kjem av den nye fråværsgrensa har forskarane sett skilnader mellom forsøksskulane og andre skular.
– Vi ser ein tendens til at nedgangen i timefråværet er noko større for forsøksskulane enn for dei andre skulane i fylket samla. Forsøksskulane har ein reduksjon i fråvær som er tilsvarande eller noko større enn det vi finn for vidaregåande skular i Rogaland samla, seier professor Edvin Bru til DN.
I rapporten til Bru, basert på forsøket, kjem det fram at elevane på forsøksskulane i større grad enn på andre skular opplever å bli lytta meir til – og behandla meir rettferdig.
- I 2016 gjekk Unge Venstre inn for å skrota ordenskarakteren: – Straff og merknadar er ein lettvint reaksjon på ungdom som utagerer