Det måtte ei muslimsk jente frå Oslo til for at eg som religiøs norsk ungdom for første gong skulle kjenne meg representert i norsk populærkultur.

Innlegget er først publisert på Verdidebatt.no.

NRK har ikkje berre lukkast med å lage ein TV-serie som har slått an langt utover kongerikets grenser. NRK har tatt i bruk teknologien på ein måte som har fengsla mange av oss, veke etter veke. I den etter kvart verdskjente nett-TV-serien Skam har vi blitt kjend med eit knippe ungdommar som kvar på sin måte ­representerer Norge av 2017, med alt sitt mangfald og sine unike historier. Ei meir autentisk og realistisk forteljing skal ein leite lenge ­etter.

Mest av alt har eg latt meg imponere av NRK si framstilling av rollekarakteren Sana Bakkoush, ei viljesterk og modig muslimsk jente med røter frå Marokko, som er ein del av vennegjengen på ­Hart­vig Nissen vidaregåande skule i Oslo. I f­jerde og siste sesong er det Sana vi følger ­tettast, og det kunne knapt vore gjort betre av NRK.

Serieskaparane i NRK avviste alle dei politisk korrekte forventningane ein slik serie står overfor, og satsa i staden på eit nyansert portrett, sjeldan tett på livet til ein religiøs norsk ungdom.

Tidlegare KrFU-leiar Emil André Erstad frå Radøy er rådgjevar i tankesmia Agenda. Foto: Agenda

Nervøs

Gjennom nesten heile sesongen venta eg på at det skulle skje som ofte skjer når manusforfattarar skal formidle religionen sin plass i samfunnet: Sana – den i vennegjengen som trur – måtte vel til slutt byte ut av hijaben, halalkjøtet og bøna med ølflasker, «one night stands» og enkle postulat om kor overlegen vitskapen er religion, for å tre inn i mengda­ som ein av dei andre. Eg var oppriktig nervøs framfor kvar episode fordi eg tenkte at serieskaparane skulle få henne til å «oppdage» kor bakstreversk, dum og gammaldags trua var.

Det skjedde heldigvis aldri. Tvert imot.

Det som skjedde, gjorde meg rørt og stolt og gjorde at eg kunne identifisere meg med ein rollefigur som tilsynelatande var så ulik meg: Eg er ein kristen vestlandsk mann, medan Sana er ei muslimsk jente med innvandrarbakgrunn. Ikkje visste­ eg at vi hadde så mykje til felles.

Vi får sjå korleis Sana blir dratt mellom det å vere muslim og det å vere ein del av den «vanlege» norske ungdomskulturen. Korleis ho må forsvare trua uansett kor ho snur seg, om ho er på skulen, på fest, eller berre er saman med dei ikkje-­religiøse venene sine.

Vi får sjå kvalane hennar med for­elsking og ekteskap. Vi får sjå når ho er på sitt næraste med Gud medan ho ber. Vi får sjå henne streve med teologi og tradisjon. Eg får flashback på flashback til alle gongene eg sjølv har stått i mange av dei same situasjonane.

Eit ekte bilde

Historia om Sana hadde ikkje berre nerve. Den motbeviste også alle som trudde det ikkje gjekk an å selje eit produkt som portretterer ei kul, muslimsk jente. Sjølvsagt ville dette provosere nokon, som når VG sin meldar skriv i si melding av ­serien at «mange hadde nok håpet at vi i sesong 4 skulle få se Sana gjøre noe vågalt, som å kaste hijaben, debutere seksuelt, eller vanære profeten Muhammed. Det nærmeste hun har kommet noe opprør, er å kritisere det at en muslimsk kvinne ikke får gifte seg med en ikke-muslimsk mann. Dette blir for tynt og uproblematisk».

Serieskaparane i NRK bør henge opp VG si melding på veggen og ramme den inn, for den illustrerer nettopp at NRK lukkast med å skape eit ekte bilde av den religiøse ungdommen Sana Bakkoush, framfor ein fordomsfull karikatur. Framfor å tvinge alle religiøse ungdommar inn i den same konforme røynda – slik mange seriar, filmar og bøker har gjort før dei – klarar­ NRK å ta på alvor alle dei spenningane, motsetningane, dilemma, alvoret og ­gledene som pregar eit ungt menneske sitt religiøse liv. Det er ikkje mindre enn eit meisterstykke.

Sana Bakkoush frå Skam er viktig for samfunnet vårt. For den politiske debatten­ om livssyn, terror, islam, integrering og utanforskap.

Alle treng vi forbilde. Av og til treng vi å sjå folk som oss sjølv i TV-seriar og filmar for å føle oss som ein del av det samfunnet vi lever i. Like mykje som vi treng å sjå folk som er annleis enn oss. Sana Bakkoush er bra fordi eg og andre religiøse ungdommar kan identifisere oss med ho, samstundes som vi kjem nært på eit menneske som er så ulikt oss.

Oppdatert: torsdag 4. oktober 2018 12.36

Kommentarar

ANNONSE