mm

Om Erna Solberg koste seg med gullrekka fredag kveld, sette ho kanskje tacorestane i halsen då Emma Thompson var gjest på Skavlan.

Den britiske filmstjerna, som har vunne to Oscar-statuettar og spelt i filmar som Sense and SensibiliaLove Actually, Nanny McPhee og Harry Potter, fortalte i programmet om sitt langvarige miljøengasjement, og erklærte samstundes si støtte til søksmålet som Greenpeace og Natur og Ungdom har retta mot den norske staten.

– Noreg har alltid vore eit grønt fyrtårn for meg, sa Thompson, og skrytte spesielt av den nye paragraf 112 i grunnlova som blei vedtatt i 140:

«Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.»

– Dei tok dette inn i grunnlova, og så signerte dei Paris-avtalen. Så kom dei tilbake og gav Statoil ein ny oljeboringslisens, sa Thompson.

LES OGSÅ: EU seier nei til oljeboring i Arktis

Kommentaren refererte litt upresist til 23. konsesjonsrunde, der regjeringa delte ut 57 nye leiteområde for olje- og gassverksemd, 54 av dei i eit nytt område i Barentshavet. Lisensane gjekk til 13 ulike oljeselskap, ikkje berre til Statoil.

– Eg er sikker på at det norske folket ville vore imot det om dei verkeleg visste kva det innebar for menneskeheita og planeten. Det er veldig umoralsk, og med den nye grunnlova er det sannsynlegvis ulovleg, sa Thompson, og viste til søksmålet som Greenpeace har retta mot den norske staten saman med «ein annan organisasjon».

Tidlegare i sendinga fortalte skodespelaren levande om sitt samarbeid med Greenpeace. Den «andre organisasjonen» som Thompson ikkje fekk med namnet på, er altså Natur og Ungdom.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom går til sak mot staten

Oppdatert: onsdag 22. november 2017 16.28

Kommentarar

ANNONSE