Historisk klimarettssak overstått i Oslo Tingrett.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natur og Ungdom: – Tilfredsstillande å halda staten til ansvar

– Det har vore fantastisk spennande. Natur og Ungdom pleier ikkje å vera dei som saksøkjer, men dei som sit på tiltalebenken i rettssaker. Det har vore veldig tilfredsstillande å halda staten til ansvar for oljepolitikken dei fører og dei klimakonsekvensane det fører til, sa Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær etter at rettssaka i Oslo tingrett var avslutta onsdag ettermiddag.

Saman med Greenpeace har Natur og Ungdom saksøkt staten fordi dei meiner at vedtaket om å dela ut nye oljelisensar i Barentshavet er i strid med grunnlova.

Må kutta utslepp

«Miljøparagrafen» i grunnlova, § 112, slår fast at «Alle har rett til eit helsesamt miljø», og saksøkarane meiner at dette ikkje er foreineleg med å leggja opp til meir oljeboring i nord.

– Desse oljelisensane er lenger nord enn nokon gong tidlegare, i eit sårbart område der konsekvensane ved uhell vil vera mykje større. Men det aller viktigaste for oss er at om desse oljelisensane fører til produksjon av olje, vil den produksjonen skje om 20 år, når Noreg skulle ha kutta utsleppa sine drastisk og kome ned mot 0 utslepp, argumenterer  Skjoldvær.

I rettssaka som har pågått sidan tysdag sist veke, har Natur og Ungdom og Greenpeace vore representerte av Cathrine Hambro og Emanuel Feinberg. Staten ved Olje- og energidepartementet har trekt inn sitt tyngste skyts for å forsvara seg, i form av regjeringsadvokat Fredrik Sejersted.

Usamde om miljøparagrafen

– Det staten først og fremst seier er at miljøparagrafen, ikkje gir rettigheiter i den forstand at det er ein rett som nokon kan påropa seg i domstolen. Dei tolkar det som at staten berre har ei tiltaksplikt, og at viss staten gjer eitt eller anna tiltak, så er det nok, seier miljøjurist Lise Sundsbø, som har følgt rettssaka tett.

I retten la Sejersted vekt på at staten gjennomfører ei lang rekkje klimatiltak for å oppfylla plikta i § 112, mellom anna ved kjøp av klimakvoter, CO2-avgift og vern av regnskog.

– Det saksøkarane svarer med, er at tiltaka til staten ikkje er nok for å halda oss innanfor 2-gradersmålet som heile verda har blitt samd om, forklarer Sundbø.

Rettssaka er historisk fordi det er første gong miljøparagrafen i si noverande form blir prøvd for ein domstol. Domen er venta om 4 til 12 veker, mest truleg etter jul.

Sjå heile intervjuet her: