Natur og Ungdom tapte historisk klimarettssak
Natur og Ungdom, Greenpeace og Besteforeldrenes klimaaksjon saktsøkte staten fordi dei meiner at vedtaket om å dela ut nye oljelisensar i Barentshavet er i strid med grunnlova.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hausten 2016 saksøkte Natur og ungdom, Greenpace og Besteforeldrenes klimaaksjon regjeringa for utdelinga av nye oljelisensar i Barentshavet. Saksøkarane meiner lisensane strir mot miljøparagrafen i Grunnlova.
Torsdag klokka 15 fall dommen, og organisasjonane tapte saka. Dei må dermed betala sakskostnadene på 580.000 kroner til Olje- og energidepartementet.
Historisk
Rettssaka er historisk fordi det er første gong miljøparagrafen i si noverande form blir prøvd for ein domstol i Noreg.
– Me har heile tida visst at dette var eit mogleg utfall ved å ta denne saka. Dette er juridisk nybrottsarbeid, og det er arbeid i oppoverbakke å arbeida mot Noregs mektigaste næring, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.
Vurderer anke
Skjoldvær seier at saksøkarane vil lesa dommen grundigare før dei bestemmer om dei vil anka.
I dommen legg tingretten til grunn at miljøparagrafen i Grunnlova ikkje inkluderer oljeutvinning i utlandet.
Skjoldvær understreker at ho og dei andre saksøkarane ikkje er einige i dette, og meiner at klimaproblemet ikkje kjenner landegrenser.
I 2015 blei den nederlandske staten dømt til å kutta utsleppa sine med 25 prosent for å verna om befolkninga si.
Grunnlova § 112
Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.
Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.
Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.