Greenpeace og Natur og Ungdom får medhald i Efta-domstolen

Efta-domstolen gir Greenpeace og Natur og Ungdom medhald i kravet om at klimaeffektane må vurderast før nye oljefelt blir godkjende.

NPK-NTB/Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Før det blir gitt utbyggingsløyve, må det gjennomførast ei miljøkonsekvensvurdering av prosjektet dersom det kan reknast med at prosjektet på grunn av arten sin, omfanget sitt eller plasseringa si kan ha vesentlege miljøverknader, heiter det i dommen.

Efta-domstolen tolkar korleis Noreg må forhalde seg til EØS-avtalen.

Greenpeace: – No er det nok

Domstolen seier seg også samd med miljøorganisasjonane i at det ikkje held å lage ei konsekvensutgreiing om utsleppa etter at feltet er godkjent.

– At ei slik vurdering må gjerast på førehand, er grunngitt i at det er nødvendig for vedkommande styresmakt å ta miljøverknader i betraktning på eit så tidleg stadium som mogleg i alle tekniske planleggings- og avgjerdsprosessar for å kunne førebyggje forureining og ulemper ved kjelda snarare enn å prøve å mildne verknadene i etterkant, heiter det.

Natur og Ungdom og Greenpeace er glade for å få medhald i Efta-domstolen.

– Efta-domstolen slår klart og tydeleg fast at det er ulovleg å opne nye oljefelt og samtidig ignorere klimaskadane. Domstolen klargjer også at staten pliktar å stanse den ulovlege utbygginga på felta, slik Høgsterett også nyleg avgjorde. No er det nok. No må staten følgje lova, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace.

Staten: – Gjenstår fleire spørsmål

Det er staten usamd i, skriv NRK.

– Efta-domstolen seier ikkje at løyva i denne saka er ulovlege og etter dagens avgjerd gjenstår fleire spørsmål som lagmannsretten må ta stilling til når saka skal behandlast i september, uttalar Omar Saleem Rathore hos Regjeringsadvokaten.

Han seier det var behov for ei rettsleg avklaring av spørsmålet, og at Energidepartementet difor tok initiativ til å be Efta-domstolen om råd.