Visste du at berre tanken på deg som spedbarn kunne føre til at mor di begynte å produsere brystmjølk?

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette visste du ikkje om super-cocktailen brystmjølk

Dei første seks månadane av eit menneskeliv er brystmelk den einaste næringa eit spedbarn trenger. Mjølka inneheld perfekte mengder fett, protein og karbohydrat for at den nyfødte skal vekse og utvikle seg normalt. I tillegg inneheld den opp til tusen ulike molekyl som beskyttar mot infeksjonar, og som bidrar til utviklinga av organane og immunsystemet.

Mjølkekjertlar

Drueklase-liknande mjølkekjertlar. Mikael Häggström/Wikimedia commons

Fram til i dag har vitskapen berre så vidt begynt å utforske desse molekyla. Nokon forskarar trur nemleg at dei kan potensielt ha stor betyding for framtidas medisinar.

Men korleis blir denne supermjølka laga?

Under graviditeten fører ein unik hormon-cocktail til at brystvevet blir modent for melkeproduksjon. I små, drueklase-liknande kjertlar inne i brystet finst spesialiserte melkeproduserende cellar, som ved hjelp av hormona produserer opp til éin liter mjølk dagleg.

Når barnet syg på brystvorta blir det sendt nervesignalar til mors hjerne. Den responderer med å skilje ut eit hormon som heiter oxytocin. Oxytocin blir sendt via blodet til muskelceller rundt brystkjertlane og får dei til å trekke seg saman. Slik blir mjølka pressa ut gjennom brystvorta. Denne oxytocin-refleksen kan også bli aktivert ved at mor føler på, luktar, ser eller høyrer barnet sitt. Til og med tanken på barnet sitt kan føre til at ho produserer mjølk!

Oxytocin er også viktig for at mor skal knyte bånd til barnet. Hormonet blir faktisk kalt «kjærleiks-hormonet» fordi det blir produsert i større mengder hos menneske som er forelska. Hormonet påverkar både sosial åtferd og kjensler. Forsking viser at hormonet er svært viktig for å skape eit tett bånd mellom menneske i nære relasjonar – spesielt mellom mor og nyfødt.

Den første mjølka mor produserer etter fødsel, blir kalt råmjølk, eller kolostrum. Den er ein gul-aktig væske av lite volum. Næringsinnhaldet i råmjølka skil seg ut frå den kvite mjølka som seinare blir laga; den inneheld mindre fett og karbohydrater, men er høgkonsentrert av delar frå mors immunsystem. Den er nemleg spesialisert på å beskytte barnet ekstra mykje mot infeksjonar dei første dagane etter fødsel. Det er rekna at den nyfødte får i seg så mykje som hundre milliardar immunceller gjennom denne mjølka kvar dag!

Brystmjølkproduksjonen er som ein fabrikk som heile tida arbeider med å tilpasse mjølka etter barnets behov. Innhaldet i mjølka varierer frå mor til mor – ja til og med mellom kvar gong mor ammar! Den er nemleg skreddarsydd for kvart enkelt barn og dets omgjevnadar. Til dømes produserer fleire mødrer til premature barn «super-mjølk» som innheld ekstra mykje fett, protein og molekylar som skal fremje vekst og utvikling.

Kroppane våre er med andre ord skikkelig intelligente maskinar!

Kult om Kroppen

I denne spalta deler lege Malin Bu Solgård noko av dei mest interessante tinga ho har lært om kropp og helse.