Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje tid brukte Hillary Clinton på hår og sminke

I den nye boka What Happened fortel Hillary Rodham Clinton om korleis ho takla forventingane ho møtte som den første kvinnelege politikaren i historia med ein realistisk sjanse til å bli president i USA.

Ein av detaljane me får vita, er at Clinton starta kvar dag med å få fiksa håret og sminka. Ho hadde også alltid med seg hårstylist og sminkør i reisefølgjet sitt.

– Til å byrja med blei eg styla kanskje ein gong i veka og før debattar. Men bilete lyg ikkje, og sidan eg ser betre ut når dei er der, blei det ei fast greie kvar dag, skriv Clinton i boka som gir hennar versjon av historia om den lange presidentvalkampen i 2015 og 2016.

600 timar

– Eg set pris på talenta til frisøren og sminkøren min, og likar korleis dei får meg til å sjå ut. Men eg har aldri blitt van med kor stor innsats som krevst berre for å vera ei kvinne i offentlegheita, skriv Clinton vidare.

69-åringen røper at ho har rekna på kor mykje tid ho brukte på å bli styla i løpet av den lange og utmattande valkampen, der ho først vann nominasjonen i det demokratiske partiet mot Bernie Sanders og til slutt tapte presidentvalet mot Donald Trump. Ho kom fram til rundt 600 timar, eller heile 25 døger.

Hillary Clinton nådde aldri draumen om å bli den første kvinnelege presidenten i USA. I ei ny bok fortel ho om kva som skjedde.

Hillary Clinton nådde aldri draumen om å bli den første kvinnelege presidenten i USA. I ei ny bok fortel ho om kva som skjedde. Foto: Kyle Taylor / Flickr / CC BY 2.0

– Eg blei så sjokkert at eg måte sjekka reknestykket to gonger, skriv Clinton, som fortel at ho brukte mykje av tida på telefonsamtalar med valkampstrategar.

Har ein draum

Den erfarne politikaren, som både har vore førstekvinne, senator og utanriksminister, kjem med eit hjartesukk:

– Eg er ikkje ofte sjalu på dei mannlege kollegaene mine, men eg er det når det gjeld korleis dei berre kan dusja, barbera seg, ta på seg ein dress og vera klar til å gå. Dei få gongene eg har gått ut i ålmenta utan sminke, har det hamna i nyheitene.

– Så eg sukkar, set meg tilbake i stolen igjen og igjen, og drøymer om ei framtid då kvinner i det offentlege søkelyset ikkje treng å ha på seg sminke om dei ikkje vil – og ingen bryr seg uansett, sluttar Clinton.