Ei handbok til The Handmaid’s Tale

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.09.2019 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boka The Handmaid’s Tale vart utgitt i 1985 under Ronald Reagan sin andre presidentperiode. Men salet av kanadiske Margaret Atwood sin skremmande framtidsdystopi skaut i vêret dagen etter at Donald Trump vart valt til USAs 45. President. Det er neppe tilfeldig. Med Trump sine åtak på organisasjoner som Planned Parenthood verkar boka å vere minst like aktuell i dag som då ho kom ut.

Aktuelle Atwood
I eit intervju med Vice fortel Margaret Atwood at ho skriv scenario ho fryktar kan skje.

– Folk må bestemme kva verd dei vil leva i. Er me for tvungen barnefødsel, for det er verda me får om me stengjer for reproduktive rettar. Rett til liv er ein måte å sjå det på, tvungen barnefødsel er ein annan, seier Atwood, og legg til:

– Det verkar som om kvar einaste totalitære regjering på planeten har alltid hatt stor interesse for kvinners reproduktive rettar.

I The Handmaid’s Tale har miljøkatastrofar ført til dramatiske fall i fødselsratane, og saman med høge valdtektstal og pornokultur har dette gitt konservative krefter ein gyldig grunn til å ta styring over moral og kvinners reproduktive rettar. Då urolegheitene starta frykta amerikanske innbyggjarar islamistisk terror, men det viser seg å vere amerikanske konservative krefter som tok til våpen og drap den amerikanske kongressen.

Her er ei ordliste som er nyttig for å forstå The Handmaid’s Tale:

Gilead – Namnet på den nye republikken som har tatt over delar av USA. Gilead er er omtalt i Første mosebok som eit område i Jordan. Namnet Galed betyr «vitnerøys» eller «vitnesbyrdet røys».

Commander (kommandør) – Ein mann med høg rang som difor har rett på både kone, som han får utdelt (kjærleiksekteskap høyrer fortida til), og eit hushald med både arbeidarar og ei Handmaid (tjenerinne). Par som var gift for fyrste gong før republikken Gilead vart stifta får halde saman, men det er ikkje lov å skilje seg og gifta seg på nytt.

Handmaid (tjenarinne) – Kledd i fotside raude kjolar og tilhøyrande kyser med kvite vengjer, som dekkjer mykje av sidesynet. Desse kvinnene skal unnfange og føde barn for ufruktbare Koner. Når ei tjenarinne er fruktbar har kommandøren sex med henne i ein seremoni der også kona er tilstades. Seremonien simulerer at det er kona som ber fram bornet. Tjenarinnene får namn etter kommandøren dei tilhøyrer. Hovudpersonen i The Handmaid’s Tale heiter Offred, fordi ho tilhøyrer Fred. Når ei tjenarinne har fødd eit born og ammeperioden er over, vert ho flytta til eit nytt hushald.

Tante Lydia (Ann Dowd) og dei andre tantene er ikkje nådige under tjenarinnene sitt opptreningsopphald på Red center. Foto: Hulu

Aunt (tante) – kvinner som lærer opp tjenarinnene til å bli lydige og underdanige under opphaldet på det som vert kalla Red center (Rachel and Leah Re-Education Center). Her får dei banka inn bibelhistoria om Rakel som ikkje klarar å få barn Ho tilbyr difor slavinne Bilha til ektemannen Jakob, slik at han kan gjere henne gravid.

Wifes (koner) – Er i praksis sjefen i hushaldet, men sidan dei er kvinner har dei ikkje lov til å ha eigen eigedom, ha lønna arbeid eller lese. Konene er kledd i blått.

Rita (Amanda Brugel) er Martha i huset der kvinna som berre får lov å kalla seg Offred (Elizabeth Moss) etter kommandøren i huset. Foto: Hulu

Martha – Tjenar eller hushalderske som er ufruktbar og ugift, kanskje frå ein etnisk minoritet som har låg status i Gilead. Namnet kan bety «husmor» og svarar seg frå bibelforteljinga om Marta som stelte for Jesus. Desse kvinnene er kledd i grønt.

Guardians – Vaktarar

Angels (englar) – Menn som kjempar ved fronten

Eyes – Spionar

Econowives – Koner til menn med lågare status, som har stripete kjolar

I Gilead heng menneske som er henretta på grunn av at dei tilhøyrer andre trusretningar eller minoritetar til skrekk og advarsel for andre innbyggjarar. Foto: Hulu

Salvagings – Offentlege og kjønnsdelte henrettingar, der alle må delta. Kvinner vert vanlegvis hengt og tjenarinnene har plikt til å delta ved å dra i tauet. Om ei kvinne vert teken for å lese fleire gonger er straffa å miste ei hand.

I somme tilfelle vert menn straffa ved at tjenarinnene får frie tøyler og slår dei i hel. Valdtekt, som er ei dødssynd i Gilead, kan straffast på denne måten. Også lesbiske og homofile (kalla kjønnsvikarar), munkar, nonner, muslimar, katolikkar, jødar, kvekarar og legar som har utført abortar før Gilead vart stifta, kan straffast med døden, eller bli sendt til arbeidsleiarar der dei rydder giftig avfall. Gamle kvinner vert ofte sendt til slike arbeidsleirar og vert då kalla Unwomen.

Prayvaganza – Store seremoniar med talar (av menn), lovsong og somme tider seremoniar med massebryllaup der kommandørar eller englar får tildelt unge jenter som ikkje har fått lov å vere åleine med gutar eller menn.

Fødslar er ikkje kvardagskost i Gilead og alle tjenarinnene er forventa å heie fram sine søstre. Foto: Hulu

Birthmobile – Ein ambulanse som hentar alle tjenarinnene i området til heim til den fødande tjenarinna. Dei skal oppmuntre den fødande og sjølv verte inspirert til å bære fram born. Legar får ikkje vere med under fødselen, så sant det ikkje vert komplikasjonar. Misdanningar og dødfødslar er svært vanlege i Gilead, òg blant dei få som kan bli gravide.

Identipass – ID-papir som innskrenkar fridomen

Soul Scrolls – Her kan folk (ofte konene) ringje inn og betale ein maskin for å printe ut bøner på papir, som vert resirkulert med det same. Praksisen er ein slags moderne avlat.

Milk and Honey (Mjølk og Honning) – matbutikk som spelar på Guds lovnad om eit land med overflod av mjølk og honning. Andre butikkar har også bibelske namn, men sidan skrift er ulovleg er dei berre illustrerte med teikn.

https://www.youtube.com/watch?v=SAXy_NyUN6k