Om kvinnesak og kvardagar

Er det verkeleg nødvendig at kvardagane i dette rike landet skal vere ei konstant mølle, med stappfulle timeplanar, der tid til dei som treng oss aldri er lagt inn?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentaren vart førtst publisert i Vikebladet.

Feminisme er eit av desse orda vi slenger rundt oss med i kvardagen utan heilt å vite kva det tyder. Nokon kan spørje meg om eg er feminist, og meine: er du truandes til å gå i fakkeltog for sjølvbestemt abort eller likelønn? eller kanskje: vurderer du å slutte å bruke BH i protest mot samfunnsnormene? Så kan eg trekke lett på skuldrene, og svare at ja, eg er vel feminist, og meine: at det er heilt ok med stemmerett.

For å unngå misforståingar kan det vere greitt å tydeleggjere kva ein eigentleg legg i orda sine før ein byrjar å snakke. Eg har ikkje tenkt å prøve meg på ei utgreiing om feminismen, som eg i likskap med dei fleste andre unge kvinner i Norge har temmeleg dårleg kontroll på. Men eg skal framheve skilnaden mellom to moglege forståingar av feminisme, som eg trur det er viktig at vi snakkar om.

Den fyrste forståinga er den mest vanlege, der feminisme er ei slags kamphaldning i kvinna sin favør, at ho må få dei same rettane og rollene som mannen tradisjonelt har hatt. Ein er oppteken av å få kvinner inn i offentlege verv, inn i typiske mannsyrke, inn i yrkeslivet i det heile teke. Ein prøver å gjere dette mogleg gjennom kvotering, gjennom delte foreldrepermisjonar og gjennom å byggje ut tilbodet om barnehagar, SFO og omsorg for eldre. 

I den andre forståinga handlar ikkje feminisme fyrst og fremst om å oppnå dette, som vi gjerne forstår som likestilling. I staden er ein oppteken av at det tradisjonelt kvinnelege, som omsorg for barn og eldre, eller matlaging, handarbeid eller andre huslege syslar, skal verdsetjast like høgt som det mannlege. Tiltak som kontantstøtte, pensjonspoeng for permisjonstid med barn eller omsorgslønn ved sjukdom kan vere kampsaker for denne forma for feminisme. Det handlar meir om likeverd enn likestilling.

Ein skal ikkje overdrive skilnaden mellom desse to variantane, som på nokre område går hand i hand. Delt foreldrepermisjon er eit døme på dette. Det er på den eine sida eit tiltak som gjer at mor kan delta meir i arbeidslivet, på den andre sida eit signal om at far bør involvere seg meir i omsorga for små barn, at dette er noko som er viktig for begge kjønn.

Dei norske kvinnene si høge deltaking i yrkeslivet er verdt like mykje som heile oljeformuen vår, ifølgje ei tale dåverande statsminister Jens Stoltenberg heldt i 2012. I Norge er meir enn 75 prosent av kvinnene yrkesaktive, ein mykje høgare del enn elles i Europa. Her til lands er vi godt fornøgde med dette. Kvinnene får høgare status, familiane meir å rutte med, samtidig som finansdepartementet fornøgd kan telje kronene som tikkar inn.

At mange av problema som kjenneteiknar vår tid er ein direkte konsekvens av dette, verkar å vere elefanten i rommet. Eittåringar kjem stressa heim etter lange dagar i barnehagen, seksåringar tilbringer ettermiddagane sine med å sjå film på SFO, pensjonistar sit heime åleine eller på sjukeheimen i hendene til overarbeidde sjukepleiarar, fordi mamma ikkje er heime lenger. Heimen til den norske familien står tom heile dagen, med stablar av oppvask og tårn av uvaska klede, med ferdigmiddagar i frysa og forsømte heimelekser på bordet, medan mamma er på jobben og skal presse seg, prestere, prøve å leve opp til dei nye forventningane som samfunnet har til henne no.

Ein skulle tru det gjekk an å påpeike dette enkle sakstilhøvet, utan samtidig å bli nedlessa av skuldingar om at ein er konservativ eller kvinnefiendtleg. Likevel registrerer eg at det er få ting som vekker så mykje rettferdig indignasjon i norsk offentlegheit som husmorbloggar skrivne av heimeverande kvinner, som altså har valt eit anna type liv enn samfunnet fortel dei at dei skal. Den tilhøyrande latterleggjeringa av fenomen som cupcakes og klompelompe-strikk er del av den same tendensen. Dersom ei jente likar å leike med bilar og heng saman med gutane er ho tøff, med bein i nasen, og lovande utsikter. Dersom ein gut derimot brukar dagane sine til å leike med dokker saman med jentene er det derimot grunn til bekymring. Denne oppvurderinga av det typisk maskuline, og nedvurderinga av det typisk feminine, er den same som ein møter i vaksenlivet. Dei fleste av oss tek hatten av for karrierekvinna, men stiller seg meir skeptiske til den heimeverande husfaren.

No meiner eg ikkje at løysinga på alle våre omsorgsproblem er å sende mor heim til kjøkenbenken. Eg meiner tvert i mot at kvinnene må få kome til på talarstolane, og slå i bordet med verdiane dei har forvalta gjennom alle desse hundreåra, setje dei på dagsorden, ved sidan av omsynet til økonomisk vekst og produktivitet. Er det verkeleg nødvendig at kvardagane i dette rike landet skal vere ei konstant mølle, med stappfulle timeplanar, der tid til dei som treng oss aldri er lagt inn? Foreløpig er det kvinnene som kjenner mest på dette presset, kvinnene som prøver å rekke over alt dei tradisjonelt har brukt å gjere i tillegg til dei nye forventningane som rettast mot dei. Dette bør dei ikkje finne seg i, verken for eigen eller for menneska rundt dei sin del. Kvinnearbeidet – kaffibesøket til mormor, blåbærturen med minstemann – må få sin faste plass i liva våre, må verte viktigare, utan at ein samtidig går i den fella at det må få ny status som ”arbeid” for at ein skal kunne verdsetje det.

Kva med å byggje familiebustader med små leilegheiter der bestemor og bestefar kan flytte inn når dei vert gamle? Kva med å utbetale stønad til personen i familien som tek seg av dei? Kva med at mor og far begge arbeider 80 prosent i staden for 100? Det ville likevel vere snakk om 160 prosent til saman, og altså nok av klingande mynt både i statskassa og familiefondet. Er det for tungt for oss å måtte droppe sydenturen eller den nye sofaen, dersom vi i staden får ein time ekstra på ettermiddagen med ungane våre kvar dag?

Kanskje.

 Eg veit ikkje kva svaret er, men som ung mor i møte med eit stadig meir stressa samfunn skulle eg ønske at det fanst fleire slike spørsmål, om korleis vi eigentleg vil leve.