Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Min eigen definisjon av ein feminist er ein mann eller ei kvinne som seier, «Ja, det er eit problem med kjønn slik det fungerer i dag, og me må fiksa det, me må gjera det betre». Me må alle, både menn og kvinner, gjera det betre.

Den nigeriansk-amerikanske forfattaren Chimamanda Ngozi Adichie har fått stor suksess med pamfletten «We should all be feminists», som byggjer på ein TED-talk ho heldt i 2013.

«We should all be feminists» av den nigeriansk-amerikanske forfattaren Chimamanda Ngozi Adichie er omsett til mange språk, mellom dei svensk og norsk. Foto: Howard County Library/Flickr/CC

Slik sluttar Chimamanda Ngozi Adichies bok We Should All Be Feminists, som byggjer på eit TED-føredrag frå 2013. Boka har gått verda rundt, og dei siste åra har ho blitt delt ut til nokre hundre tusen vidaregåande skule-elevar i Sverige.

Bak initiativet står forlaget Bonnier, Sveriges Kvinnolobby – og det svenske FN-förbundet, som jobbar for at Sverige skal nå FN sine mål for berekraftig utvikling.

I berekraftsmål nummer 5 heiter det nemleg at alle land skal «oppnå likestilling og styrka jenter og kvinner si stilling». Delmål 4.7 slår i tillegg fast at alle elevar og studentar innan 2030 skal tileigna seg kompetansen dei treng for å fremja berekraftig utvikling, inklusiv likestilling.

– Feminisme bidrar til å fremja utvikling, menneskerettar og fred og dermed ei betre verd, seier Aleksander Gabelic, ordførar i svenske FN-förbundet om prosjektet.

#Metoo-kampanjen har igjen sett liv i diskusjonen om korleis ein kan få bukt med skeive kjønnsstrukturar i samfunnet. Er meir feminisme i skulen vegen å gå?

Feministisk bibel

Saman med Adichies bok, som på svensk har fått tittelen Alla borde vara feminister, har organisasjonen utvikla ei lærarrettleiing med oppgåver og diskusjonsspørsmål. Fleire samfunnsdebattantar har hylla boka for å knusa myter om feminismen.

– Eg elskar verkeleg Adichies bok, og håpar at ho kan bli ein slags feministisk bibel for mine døtre når dei veks opp. Ho er lettlesen, ho er tydeleg, og ho er full av gode kvardagseksempel, sa den liberale politikaren Birgitta Ohlsson under ein paneldiskusjon på bokmessa i Gøteborg i slutten av september.

– Det finst eit stort behov der ute for å prata om likestilling, som me har eit ansvar for å fylla. Det meiner eg denne boka fungerer utmerkt til, seier bloggaren Flora Wiström. Frå venstre: Wiström, Birgitta Ohlsson,Wila Sörman og Måns Hultgren.

Ohlsson fortalde om sine eigne erfaringar med å bli brukt som «kuddflicka» – putejente – til å sitja ved sidan av «bråkete» gutar for å dempa dei. Adichie brukar sjølv som døme at ho blei nekta å vera ordenselev i klassen fordi ho var jente. Begge er redde for at forskjellsbehandling av gutar og jenter i klasserommet blir tillært av elevane.

– For å fremja jenters fridom, må ein sjå til at dei får full og lik respekt i klasserommet. Elles kjem dei aldri til å utvikla seg på den måten dei har sjanse til, seier Ohlsson.

Ohlsson deltok i paneldiskusjonen om likestilling i klasserommet saman med tidlegare elev Wilma Sörman og lærar Måns Hultgren. Dei erfarte begge at Alle borde vara feminister gir ein lett inngang til å diskutera kjønnsroller og stereotypiar i klasserommet.

– Eg meiner det er viktig å snakka om likestilling i skulen fordi det finst mange elevar som kanskje ikkje deler dei grunnleggjande verdiane som eg og andre ser som sjølvklare.  Gjennom å jobba med det i skulen, diskutera og problematisera verdiar som ikkje går i hop med feminismen, så kan ein snakka seg fram til ei felles forståing, meiner Wilma Sörman.

Kan fjerne stigma

På Elvebakken vidaregåande skule i Oslo møter me fleire elevar som gjerne skulle hatt meir om likestilling og feminisme i undervisninga.

– Me i Noreg er jo veldig privilegerte når det kjem til likestilling. Men det er likevel mykje stigma rundt feminisme. Det er som Emma Watson sa i sin tale hjå FN i 2014: Det er nesten blitt eit stigma å kalle seg sjølv feminist. Hadde det for eksempel blitt undervist i skulen kva feminisme dreier seg om, hadde det kanskje vore lettare å kalle seg sjølv feminist, meiner Aurora Aga Åsheim (16).

Ho går første året av studiespesialiserande ved Elvebakken, saman med Oda Kallevik Brevik (16).

Mathilde Johansen

Mathilde Johansen (16) saknar meir dagsaktuelle tema på pensum. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Me har om roller og forventingar til kjønn i samfunnsfag. Me har også hatt om kvinners stemmerett, men ikkje så mykje meir utover det, meiner Oda.

– Burde alle elevar bli feministar?

– Sjølvsagt! Men eg er ikkje så fan av dei ekstreme feministar, dei som bikkar over til mannehatarar. Det er ikkje det det handlar om, seier Oda.

Heller ikkje på Media og kommunikasjon lærer elevane om feminisme. Mathilde Johansen (16) går første år på medielinja ved Elvebakken, og skulle gjerne hatt meir og likestilling og rettigheiter på pensum.

– Eg skulle ynskje me lærte meir om feminisme og andre dagsaktuelle tema på skulen. Det er jo ikkje så ofte ein diskuterer til dømes andre verdskrig, som me lærer mykje om, seier ho.

Gode haldningar

Leiar i Elevorganisasjonen (EO), Rahman Chaudhry, seier at dei ikkje utforma nokon konkret politikk for feminisme i skulen. Han er likevel heilt einig med elevane i at det er eit viktig tema i utdanninga.

EO-leiar Rahman Chaudhry framhevar styrka seksualundervisning som eit viktig tiltak for å fremja likestilling i skulen. Foto: Magnus Jellestad Hundvin

– Det er uansvarleg av lærarar å ikkje ta opp likestilling som tema i undervisninga, uansett kva fag det er i. Det handlar om å formidla gode haldningar til medborgarane sine. Skulen skal ikkje berre utdanna elevar, han skal også danna menneske, minner Chaudhry om.

EO-leiaren meiner det er viktig at skulen har gode undervisningsopplegg innan temaet, og meiner bøker som We should all be feminists kan vera eit godt supplement.

– Burde alle elevar bli feministar?

– Alle menneske burde vera feministar, det skulle berre mangla, seier Chaudhry.

Me har ikkje fått svar frå det svenske FN-förbundet. FN-sambandet i Noreg fortel at det ikkje ligg i deira planar å herma etter svenskane, men dei jobbar med eit eige undervisningsopplegg knytt til berekraftsmål nummer 5 om likestilling. Dette skal vera klart våren 2018.

Her kan du sjå TED-føredraget til Chimamanda Ngozi Adichie: