Fem feministiske podkastar du må få med deg

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 16.09.2017 19:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Tusvik & Tønne»

Sigrid Bonde Tusvik og Lisa Tønne opnar seg om alt frå dysfunksjonelle rumpehol til samlivsbrot i sin podkast. Dei fjernar all skam frå tabulagte tema, og høyrer ein mykje nok på podkasten, blir det etterkvart like naturleg for deg å snakke om vondt i tissen, rennebæsj eller mensen-problem som det er for dei. Akkurat slik det burde vera faktisk.

Tusvik og Tønne gret, roper og er sinte eller ler seg skakk i hel av noko barna deira har sagt eller noko dei gjorde i fylla. Men dei snakkar også om meir samfunnsrelaterte saker, som aktuelle feministiske tema og andre politiske debatter. Dette blir gjort på ein så avslappa men gjennomtenkt måte at det nesten kan erstatte andre nyheitskjelder. Morosamt er det uansett.

«The Guilty feminist»

«Eg er feminist, men eg liker ‘Fifty Shades of Grey’». Med fleire slike innrømmingar startar kvar episode av live-podkasten «The Guilty Feminist». Dei tar opp spørsmål som garantert alle feministar må ha tenkt på og følt seg skyldig i å gjera. Kan ein vere feminist og likevel like at mannen tar styringa i senga? Kan ein vera feminist og likevel kle seg opp i Disney-prinsessekjolar?

Podkasten er delt opp i ulike delar, med blant anna faste stand-up innslag. Nokon av dei er smerteleg pinsame og dårlege, men dei som faktisk nailar det veg opp for dei. Dei tar opp tema som seksualitet, sminke, mens og menn og inviterer gjestar til live-scenen for å snakke om dette. Programleiarane legg ikkje skjul på at dei ikkje er heilt komfortable med å snakke om tema som sexleiketøy og om eigen menssyklus, men det er dette som er styrken med podkasten. Det er faktisk ikkje berre-berre å vera feminist.

«Wo-men»

Women betyr sjølvsagt «kvinner» på engelsk, men visste du at på kinesisk så betyr wo men (i to ord visstnok) «oss» eller «me»? Ganske kult. Denne podkasten tar opp kvinnespørsmål frå andre sida av jorda, som – ikkje overraskande – ikkje er så ulike dei utfordringane kvinner møter på her i Noreg.

På perfekt engelsk, men med noko kinesisk aksent, snakkar programleiarane om alt frå Trumps mottaking i Kina til unge, kvinnelege entreprenørar og feministar i Kina. Ein lettvint måte å utvide feministperspektivet sitt på.

«Jentegarderoben 2.0»

Ei stemme frå Ålesund, en frå Bergen og ei frå Drøbak gjer det lett å skilje dei tre kvinnelege programleiarane frå kvarandre. Jentegarderoben starta i student-radioen i Bergen, men har no flytta til eit av hovudstadens mange podkast-studio. Tusvik & Tønne er klare førebilete; dei bruker same finurlege ord og namn som «fati» (Far) og Martha Lojs (Martha Louise) og køyrer same openheitspolicy.

Dei snakkar om psykiske helseplagar, lesbisk identitet og flaue ligg. Dei har også politiske tema der spesielt Sylvi Listhaug får gjennomgå. Det er også dette som trekk ned podkastens kvalitet. Dei diskuterer ofte saker dei ikkje kan så mykje om, og nokon gonger kan ein nesten høyre manuset ligge framfor dei. Podkasten er likevel verdt eit besøk viss ein treng lett underhalding men med noko substansielt innhald.

«Nerdette»

To amerikanske kvinner meiner at nerde-verda er for mannsdominert, og har difor laga ein podkast for kvinnelege nerder – eller nerdettes. Her snakkar dei om alt frå «Game of Thrones» til sex og religion. Dei har kapra kjente fjes som Rainn Wilson (han som spelar Dwight i amerikanske The Office) og Tom Hanks. Andre mindre kjente gjester snakkar om kvinners utfordringar i ulike aspekt av livet og korleis dei sjølv vel å løyse problema.

I slutten av kvar episode får lyttaren ei lekse frå programleiarane, som kan vera å lese ei bok eller å gjere noko utfor komfortsonen din. Eg anbefaler å starte med episoden der Tom Hanks snakkar om sin fascinasjon for skrivemaskiner. Makan til nerdete engasjement skal du leite lenge etter.