– Nynorsk passar bra til 2000 år gamal bygdepoesi

Matti Garnes Wiik har omsett romerske gjetarsongar av Vergil frå latin til nynorsk.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 15.12.2017 11:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsk er bra til gamal bygdepoesi

– Det blir mindre morosamt å leva utan antikken, seier Matti Garnes Wiik.

Han er førsteamanuensis i latin ved Universitetet i Bergen, og har tatt doktorgraden på Vergils store epos Æneiden. No har Wiik sytt for at debutverket til den romerske diktaren for første gong kjem på norsk, med tittelen Bucolica – Gjetarsongar.

Som tittelen tilseier, er gjetarar og gjetarliv sentrale motiv i dei ti dikta. Men gjennom gjetarane får me innblikk i mange andre tema som opptok romarane for godt og vel 2000 år sidan.

– Dikta handlar om politikk, erotikk, tilbliinga av kosmos og mange andre ting, men sett gjennom dei litt naive auga til gjetarar, seier Wiik.

«Vi har forlate vår heimstad»
Eit av dikta handlar om tre unge gjetarar som finn den mytiske figuren Silenus liggjande bakfull i ei grotte. Dei måler han i andletet, bind han fast og får han til å syngja om universet.

Herifrå er spennvidda stor til dikt som tar opp konfliktar i samtida, til dømes landkonfiskasjonar som sendte folk på landsbygda på flukt. Under borgarkrigane i den romerske republikken tok stridsherrane land frå vanlege bønder for å gi til krigsveteranar.

«Vi har forlate vår heimstad og åkrar som var oss så kjære / Landet til fedrane flyktar vi frå medan du ligg i skuggen», syng den fordrivne gjetaren Meliboios til den langt heldigare Tityrus i opningsdiktet.

Omsetjaren meiner det er vanskeleg å tolke ei tydeleg politisk haldning ut av dikta. Fleire av dei uttrykkjer likevel håp om ein ny, fredeleg gullalder, og håpet blir særleg knytt til Octavian – hærføraren som seinare blei keisar Augustus. Håpet om fred og velstand er sentralt for diktsynet i boka, meiner Wiik:

– Føresetnaden for at gjetaren kan dikta, er at han lever eit ideelt gjetarliv. Det krev politisk stabilitet på den måten at det ikkje er noko som forstyrrar gjetarlivet.

Sjekk også denne lista: 11 tolkingar av Orfeus og Evrydike-myten, frå Platon til Arcade Fire

Verdslitteratur på nynorsk
Gjetarsongar er det siste tilskottet til den aukande mengda verdslitteratur som er omsett til nynorsk. Framtida.no har tidlegare skrive om dei ferske omsetjingane av Franz Kafkas Forvandlinga og Mary Shelleys Frankenstein, begge gitt ut i ein ny serie på Skald forlag.

Gjetarsongar kjem ut i ein annan serie, som er enno meir ambisiøs. Kanon er ei enorm satsing av Gyldendal forlag og det antikkfaglege miljøet i Noreg: Mellom 100 og 150 verk frå den greske og romerske antikken skal omsetjast til norsk – enten for første gong, eller på nytt i eit modernisert språk.

«I løpet av de neste tiårene vil Norge endelig kunne kalle seg et sivilisert land», skreiv Bokmagasinet i Klassekampen då den første Kanon-boka blei lansert i 2014.

Les også intervjuet med Jon Fosse, som har omsett Kafka til nynorsk

…og med Øystein Vidnes, som har omsett Frankenstein til nynorsk

– Me har blitt klokare
Matti Wiik meiner sjølve tilværet blir fattigare utan antikken, og understrekar verdien av å få fleire av dei klassiske verka tilgjengeleg på moderne norsk. Men det handlar ikkje først og fremst om at me kan lære noko av dei, meiner han.

– Det er kulturprodukt som me kan sjå tilbake på og gle oss over, utan at me eigentleg treng å aktualisere det for noko nytteformål. Me har blitt klokare enn dei var i antikken, i alle fall på nokre område.

Til ulike tider er det likevel mange som har sett Vergil som ein aktuell diktar. Under studentopprøra på 1970-talet, fortel Wiik, blei Vergil løfta fram av amerikanske studentar som las romersk poesi i introduksjonsåret sitt på universitetet. Dei tolka han som ein opprørsk diktar som protesterte mot krig og imperialisme.

– Eg er ikkje nødvendigvis einig i det, men det viser korleis Vergil har blitt brukt og aktualisert, seier Wiik.

LES OGSÅ: Ragnar Hovland tar opp myten om Orfeus og Evrydike i  den siste ungdomsboka si

– Nynorsk passar bra
Det å overføre meiningsinnhaldet frå det latinske språket til det norske er berre byrjinga når ein skal omsetje Vergil. Ei minst like stor utfordring er å ta vare på heksameteret, versemålet som gir den jamne, gyngande rytmen du raskt merkar når du les dikta.

– Det går greitt når ein kjem inn i det, men av og til må ein ta noko bort eller leggje noko til for at det skal gå opp, seier Wiik, og fortel at han har «filt og filt» på verselinene for å få til den rette flyten.

Han meiner sjølv dikta kan vere både vanskelege og mystiske. Nett difor har han også lagt ekstra stor vekt på å få dikta til å klinge godt.

– Viss ein ikkje forstår innhaldet, kan ein likevel gle seg over klangen i dei, håper han.

Møt også idrettspoet Endre Ruset: – Northug har ein poetisk råskap

– Nynorsk passar bra
Ei anna utfordring for omsetjaren har vore å finna eit vokabular som passar til stoffet. Wiik fortel at han – ironisk nok – har lagt vekt på å ikkje ta med framandord frå gresk og latin som gir eit meir moderne preg.

– Eg har prøvd å attskape ei litt antikk romersk stemning, seier omsetjaren. Han meiner han har fått god hjelp av det nynorske skriftspråket, med sine røter på landsbygdene:

– Nynorsk passar bra til 2000 år gamal bygdepoesi.

Les også intervjuet med artisten Hanne Kolstø: – Det er ei motstand og nokon kantar i nynorsk som gjer det veldig fint

Faktaboks

Publius Vergilius Maro, mest kjent berre som Vergil, er ein romersk diktar som levde frå 70-19 f.Kr.

Er rekna som ein av dei største diktarane frå den romerske antikken, saman med Ovid, Horats og Catull

Gav ut tre viktige verk: Bucolica eller Eclogae (ca 39 f.Kr.), Georgica (31 f.Kr.) og Æneiden (19 f.Kr.)

Æneiden skildrar grunnlegginga av Roma, og blei rekna som nasjonaleposet i Romarriket

Blei løna av rikmannen Mæcenas, som har gitt opphav til ordet mesen («person som stør kunst og vitskap med pengegåver»)

I middelalderen dukkar Vergil opp i Dantes Guddomlege komedie, der han fører forteljaren gjennom Helvete og Skjerselden

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om verdsklassikarar i nynorsk omsetjing. Les fleire artiklar i serien her!
Artikkelserien er støtta av Norsk Kulturfond.