Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med større draumar enn billig bensin

– Våren då eg var på min første KrFU-konferanse, var eg òg ute med pappa og fiska lyr. Det var ein perfekt vårdag med sol og snø på toppane, og masse fisk i fjorden. Hadde søknadsfristen til vidaregåande skule vore litt seinare, så hadde eg kanskje vore ein heilt annan plass i dag.

Tore Storehaug (25) får glimt av nostalgi i auga når han snakkar om fisket på Førdefjorden den våren. Han var 15 år, gjekk i tiande klasse og det han omtalar som «verdas beste barndom» på Flokeneset i Askvoll kommune var i ferd med å gli over i vaksenliv.

Medan han gjekk og lurte på kva han skulle gjera med livet sitt, fekk han ein telefon som skulle få ei avgjerande tyding: «Ei søt jente» frå KrFU ringde og spurte om han ville bli med på konferanse i Hemsedal. Det ville han.

– Grunnen til at eg svarte ja, var vel at det var i Hemsedal. Men eg blei verande fordi Kjell Ingolf Ropstad var der og heldt ein veldig inspirerande tale, fortel Storehaug.

I dag er Kjell Ingolf Ropstad finanspolitisk talsperson i KrF og kollega av Storehaug på Stortinget. Då dei først møttest, var han leiar i KrFU og talte om klima og fattigdom som dei to store utfordringane i verda.

Tore frå Flokeneset

Tore Storehaug melde seg inn i KrFU og hamna på allmennlinja på Hafstad vidaregåande skule. Fiskardraumen blei det ingenting av. Og når han denne hausten hadde planar om endeleg å få bruka meir tid på fjorden etter fleire år med studiar og jobb i Oslo, blei han i staden vald inn på Stortinget.

– Eg har aldri hatt eit friår, men alltid prøvd å gjera maks ut av tida mi, med éin fot i politikken og éin i «den verkelege verda». Så då eg vakna og skjønte at eg skulle på Stortinget så var eg jo veldig glad for det, men … No blir eg jo 29 før eg får sjansen igjen.

I mellomtida kan han bruka tida si på å syta for at det framleis er fisk i Førdefjorden om fire år. Som representant i energi- og miljøkomitéen får han jobba med dei store, globale utfordringane som tente den politiske gløden i han for ti år sidan, samstundes som han representerer natur- og energifylket Sogn og Fjordane. Som han seier sjølv:

– Eg er veldig glad for å vera i den komiteen, for då kan eg både vera idealist og «Tore frå Flokeneset».

Ja takk, begge delar

– Du har nemnt utvikling og klima som dei to store utfordringane, men utvikling krev mykje energi. Kva er viktigast: Å bekjempa fattigdom, eller å bekjempa klimaendringar?

– No skal eg koma med eit dustesvar om at «begge delar er viktig», men det er fordi det er eit dustespørsmål. Når du ser utviklinga som skjer spesielt i Afrika, så slepp dei å gjera dei feila som me gjorde. I Europa har ein gått via kol, og så prøver ein å gå derifrå til fornybar. Andre treng ikkje gå via dei same stega, seier Storehaug, og viser til døme frå Kenya, der han har vore fleire gonger med KrFU:

– Dei har ikkje gått vegen via å byggja koparnett i heile landet for å få nettilgang, dei gjekk rett til trådlaust breiband. Det same meiner eg ein kan gjera i energipolitikken, seier han, og legg til:

– Klimaendringane gjer allereie i dag at folk må forlata heimane sine, eller at dei ikkje får nok mat fordi regntida ikkje slår til fleire år på rad. Viss me ikkje løyser klimaproblema, så har me eit større fattigdomsproblem; skal me klara å få folk ut av fattigdom, er me nøydde til å gjera det med dei rette energiløysingane.

God etikk handlar om å leggja til rette for at folk skal ta gode val

Tore Storehaug har pynta stortingskontoret sitt med bilete av seg og kona (til venstre) og Dagfinn Høybråten med plysjkamelar (til høgre). Og ein fidget spinner. Foto: Runar B. Mæland

Idealisten frå Sunnfjord fortel at han har ein ambisjon om å løfta fram ein ideologisk dimensjon i miljøpolitikken til KrF, som eit korrektiv til kravet om stadig veksande velstand. Han minnest då statsbudsjettet for første gong runda 1000 milliardar kroner, i 2012 – i dag er det over 1400 milliardar.

– Me har ein heilt enorm auke i velstand, både i det offentlege og i privatøkonomien. Veldig mykje av det går til eit auka forbruk. Éin ting er at eg ikkje trur det er ein sunn måte å byggja eit samfunn på – du byggjer på sandgrunn, for å seia det med KrF-språk. Men det har òg nokon miljøkonsekvensar: Me får eit bruk-og-kast-samfunn, berre fordi me har råd til det.

– Eg trur det er ein måte å snakka om klima- og miljøpolitikk på som KrF ikkje har vore gode nok på. Me har ikkje vore gode nok til å framheva KrF sin ikkje-materialistiske dimensjon, og miljøpolitikken er ein god arena å gjera det på, seier Tore Storehaug – og trekk liner tilbake til tidlegare KrF-initiativ som Dagfinn Høybråten sitt forslag om å måla «brutto nasjonal livskvalitet».

For KrF og i den kristendemokratiske ideologien er det ikkje berre det som kan teljast, som tel, påpeikar han.

– Det skil oss frå både liberalismen og sosialismen, som er materialistiske ideologiar. Der meiner eg det er eit viktig handlingsrom: Klimakampen handlar ikkje berre om grafar og statistikk, det handlar om korleis eg og du vel å forhalda oss til omgjevnadane våre. Kva slags etikk er det eigentleg me byggjer liva våre på når me handlar i kvardagen?

Ein peikefinger med i spelet

– Her ligg det ein appell til det personlege ansvaret. Korleis kan det omsetjast til god miljøpolitikk?

– Det er eit godt spørsmål. Noko av det handlar om kva slags krav det offentlege stiller. Eg hadde ein runde med miljøvernministeren i spørjetimen, der han sa at me ikkje berre må bruka peikefingeren. Men du kan bruka peikefingeren til å seia noko om korleis ein vil ha det, og samstundes retta fingeren mot deg sjølv som stat, og seia at ein kan stilla høgare krav til produkta ein kjøper, slik at tinga våre varer lenger.

– I Sverige prøver ein no å setja ned momsen på reparasjon i forhold til å kjøpa nye ting, fordi ein ønskjer å leggja om skattesystemet i ei retning som ikkje legg opp til meir forbruk. Det er ting eg meiner ein kan gjera politisk, og som òg er signal som er med på å skapa den kulturendringa me må ha.

– Så peikefingeren kan vera god å ha med.

– Det blir lett å tolka ut av kontekst, men det kjem jo an på kva du vil bruka peikefingeren til. Det er forskjell på moral og moralisme. God etikk handlar om å leggja til rette for at folk skal ta gode val, og så skal folk få lov til å ta dei vala.

– Karl Eirik Schjøtt-Pedersen sa på Debatten i NRK nyleg at folk i dag forventar å kunna reisa på helgeturar til New York og Shanghai, og difor må me pumpa opp meir olje.

– Ja, det er jo utfordringa vår, dette kravet om «meir, meir, meir». Men eg skal ikkje snakka lenge om dette før eg blir dobbeltmoralsk; eg skal fly på nyttårstur til Dublin med kona fordi me tenkte at me trengte noko å sjå fram til noko. Men dobbeltmoral er vel betre enn ingen moral. Når du hyklar, har du i alle fall anerkjent kva som er galt, ler Storehaug.

– Det var det ein kar som sa til meg før eg reiste til Oslo: «Hykleri er eit stort sivilisasjonsprosjekt». Eg trur det var ein fin måte å seia «Prøv ditt beste, og så forventar me ikkje meir enn det».

– Det kan gå bra

– Er du grunnleggjande optimist eller pessimist?

– Nei.

– Nei?

– Nei, eg har aldri heilt forstått det spørsmålet, for då føreset ein liksom at anten går det bra eller så går det dårleg, men heile spørsmålet er jo opp til oss sjølve. Ting kan gå bra – eg vel å sjå på sånn. Eg er håpefull, men eg trur ikkje at det skjer av seg sjølv.

– Kva må me gjera for at det skal gå bra, då?

– Grøn omstilling er eit nøkkelord. Då må me ha eit skattesystem som til dømes ikkje aktivt legg til rette for at me skal investera i olje. Det må me gjera noko med. Og så treng me å jobba med kultur og dei grunnleggjande verdiane for korleis me forvaltar naturen vår.

– Korleis då?

– Då eg melde meg inn i KrFU, hadde dei slagordet «større draumar enn billig bensin». Det er enno meir aktuelt no enn det var då. Det trur eg kanskje er ambisjonen min, viss eg skal oppsummera det med ei setning: Me treng politikarar òg i energi- og miljøkomiteen som har større draumar enn billig bensin.

– Tyder det at du vil ha dyrare bensin?

– Føreseieleg, slik at folk har høve til å omstilla seg. Men eg vil at familiane som sit rundt middagsbordet skal vera nøydde til å tenkja på om den neste bilen deira skal vera ein elbil.

– Her er det kanskje ein konflikt mellom idealist-Tore og «Tore frå Flokeneset».

– Heilt riktig. Eg vil ikkje ha ein brå kostnadsauke som gjer at folk som bur på plassar der det er meir utfordrande blir treft hardare. Den gode løysinga er å gjera det føreseieleg: Det skal gå den vegen, men ikkje så brått at det råkar skeivt og urettferdig.

– Men er det mogleg å køyra elbil i Sogn og Fjordane?

– Eg opplever at det blir meir og meir vanleg i sånne bygder som eg er frå. Det er ei litt oppkonstruert konflikt, og «diesel/entusiastane i Frp og Senterpartiet» må ikkje få lov til å seia at det ikkje er mogleg. Det er noko med at ein ikkje skal snakka seg sjølv ned. Og eg meiner at bygder som den eg kjem frå er heilt naudsynte for å få til ei grøn omstilling. Det er der ein del av ressursane våre ligg. Viss ingen haustar av ressursane i fjorden eller på utmarka heime – slik far min gjer – så er det ressursar som går til spille.

Få med deg dei andre intervjua i serien:

Ny på Stortinget

Tore Storehaug (25)

Parti: Kristeleg Folkeparti

Komité: Energi- og miljøkomiteen

Politisk forbilde: Ei blanding av Konrad Adenauer og Martin Luther King jr.

Favorittlåt av Beyoncé: Ingen