Slik ville Stortinget ha sett ut om berre førstegongsveljarane fekk bestemma

Raudare og grønare.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.09.2019 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stortinget ville ha sett ganske annleis ut dersom berre dei yngste veljarane hadde fått stemma. Det går fram av veljarundersøkinga etter stortingsvalet i september, som Statistisk sentralbyrå (SSB) la fram på onsdag.

Det er særleg tre parti som gjer det mykje betre blant veljarane under 25 år: Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet dei Grøne.

Høgre, Frp og Arbeidarpartiet gjer det derimot klart dårlegare blant dei yngste enn blant veljarane sett under eitt. Sjå kor stor oppslutnad kvart parti får lenger nede i saka.

Freddy André Øvstegård (SV). Foto: SV

Ønskjer endring

– Eg trur det handlar om at ungdom er i forkant og ønskjer endring. SV er eit tydeleg parti for endring, ikkje minst når det gjeld rettferdig fordeling og miljø, som er saker me har løfta høgt, seier Freddy André Øvstegård. Han er nestleiar i Sosialistisk Ungdom og nyvald stortingsrepresentant for SV.

Også Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark meiner dei unge veljarane er meir opptekne av nye og radikale idear.

Sondre Hansmark (22) er nyvalt leiar i Unge Venstre. Foto: Unge Venstre

– Eg synest det er oppløftande at me gjer det betre blant unge veljarar enn eldre. Det er dei unge som må leva med konsekvensane av klimaendringane og høg oljepengebruk, så det er kult å sjå at dei stemer på eit parti som tar generasjonsrettferd på alvor, seier Hansmark til Framtida.no

Venstre mest fram

Viss berre førstegongsveljarane hadde fått stemma, ville MDG sin éine stortingsrepresentant fått selskap av ti andre. Dei ville også ha vore «på vippen» i Stortinget, sidan ingen av blokkene ville hatt fleirtal utan dei.

Også SV står sterkt blant dei yngste veljarane. Ein oppslutnad på 10 prosent ville vore nok til å sikra 17 mandat på Stortinget for Audun Lysbakken sitt parti.

Partiet som ville ha gått aller mest fram om berre dei yngste fekk bestemma, er likevel Venstre. Med ein oppslutnad på 11 prosent er dei det tredje største partiet blant førstegongsveljarane saman med Frp. Venstre kunne dermed ha fått 19 representantar på Stortinget – meir enn dobbelt så mange som dei har i dag (8).

Tala stadfestar trendar frå skulevalet i år, der både SV og Venstre gjekk fram.

PS: Tala på stortingsmandat er usikre, både fordi tala i veljarundersøkinga er usikre og fordi vår prognose ikkje tar omsyn til korleis stemmene fordeler seg i dei ulike fylka. Mandatprognosen byggjer på landsgjennomsnittet for partia i veljarundersøkinga, saman med forholdstala mellom stemmetal og tal på mandat i dagens Storting.