Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skal ikkje koma med nokre domedagsprofetiar, men eg er uroleg. KrF og Venstre er kanskje dei partia som har vore tydelegast og sterkast forankra i målrørsla, og når begge dei kjempar mot sperregrensa, så er det ikkje bra, seier Tore Storehaug (KrF).

Når 99,8 prosent av røystene er talte opp, er 25-åringen frå Sogn og Fjordane rekna med som ein av dei 22 nynorskbrukarane som er valde inn på Stortinget for den komande perioden. Det er éin fleire enn i førre periode, ifølgje ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Tar plassen til Rotevatn

Storehaug ligg an til å overta utjamningsmandatet i Framtidsfylket frå sentrumskamerat og nynorskprofil Sveinung Rotevatn (V). Den unge KrF-politikaren lovar at han vil gjera sitt for nynorsken dei neste åra, men kjenner seg ikkje trygg på gjennomslaget.

– Det ligg an til at dei Høgre og Frp held fram i regjering. Korleis ser du på det?

– Det er ikkje så bra for nynorsken, men det er ei mindretalsregjering. Me har hatt ein periode no der KrF og Venstre har klart å halda dei i øyra, og den vippeposisjonen må me framleis bruka, seier Storehaug.

Ikkje inn i regjering

– Burde ikkje KrF gå inn i regjering for å sikra ein betre språkpolitikk?

– Det kan du kanskje spørja om, men KrF har vore veldig tydelege på at me har gått til val på ei ny regjering, og at me ikkje vil vera støtteparti for ei regjering med Frp. Det vil eg stå fast på.

– Vil de då heller prøva å få fleirtal for nynorsksaker saman med resten av opposisjonen?

– Ja, KrF kjem til å samarbeida frå sak til sak i Stortinget, og den makta vil me bruka til å få gjennomslag for mest mogleg av politikken vår, seier Storehaug.

Sunnfjordingen håpar mellom anna på å kunna samarbeida med gode krefter i SV og Senterpartiet, som gjekk sterkt fram i valet, om å få til betre sidemålsopplæring med tidlegare start.

Grepstad: – Grunn til optimisme

Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk Kultursentrum, meiner valresultatet kan styrka nynorsken. Foto: Foto: Lars O. Flydal / Nynorsk Kultursentrum

Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum, er meir optimistisk enn Storehaug og meiner at valresultatet kan styrka nynorskpolitikken i Stortinget.

– Framgangen for dei fleste opposisjonspartia og Venstre og KrF over sperregrensa gir grunn til optimisme. Dei partia som har programfesta den beste nynorskpolitikken for åra 2018–2021, står samla sterkare no, seier Grepstad i ei pressemelding.

Grepstad vonar nynorskpolitikarane no vil samarbeida på tvers av partigrensene. Han kjem med eit klart krav til dei nye folkevalde:

– Stortinget bør ikkje sitje stille i fire år til og la regjeringa sjå bort frå det lovfesta kravet om ei stortingsmelding kvart fjerde år om bruken av nynorsk i offentleg forvaltning. Valresultatet inviterer Stortinget til å ta tilbake styringa over norsk språkpolitikk.

  • Oppdatering 14.09: Då saka vart publisert, låg det an til å koma inn 21 nynorskbrukarar på Stortinget. Etter finteljing av røystene har talet auka til 22, fordi Nils T. Bjørke (Sp) til slutt rappa utjamningsmandatet i Hordaland frå Torkil Åmland (Frp).