Forskarar: Dette må vi gjere for å redde isbreane

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Isbrear, eller massar av snø og is som ligg på land og er i rørsle, dekkjer 10 prosent av landmassa vi har på jorda og grev ut heile dalar, fjordar og innsjøar, samt er opphavet til svære elver, men dei krympar kjapt. Dette får store konsekvensar for naturen, syner ein ny rapport frå ei internasjonal forskingsgruppe.

– Når isbrear forsvinn, får du endringar i økosystem som er avhengig av dei, nokre artar vil gå tapt medan andre kan ta plassen deira. Men vi veit ikkje korleis dette vil kaskadere nedover og påverke korleis heile økosystemet fungerer, seier Dean Jacobsen frå Universitetet i København, ein av forskarane som har laga rapporten.

Ein tidlegare rapport frå 2013 gjorde det klart at isbreane no lagar 260 milliardar tonn med vatn etter issmelting kvart år (frå 2003 til 2013), og utgjorde slik 30 prosent av auka på havnivået i verda.

Meir enn ein av fire isbrear i verda er her i Himalaya. Foto: Ivan Borisov/Flickr/CC-lisens.

Det handlar om vatn

Isbrear er hovudkjelda til mange elver som gjev oss sjansen til å drive landbruk, ta i bruk vasskraft til energi og som drikkevatn. Dei er òg ei viktig kjelde til inntekter frå turisme.

– Vi burde alle uroe oss over dette – alle frå vasskraftselskap til bønder på landsbygda som er avhengige av isbreane for å ha tilgang til vatn, seier Jacobsen.

Rapporten fortel om korleis elvene som kjem frå isbrear vil bli mindre konsistente og meir avhengig av snø om vinteren og snøsmelting når det er vår og sommar. Dette vil redusere produktiviteten i områda som er avhengig av vatnet.

I Himalaya, eit av områda verst ramma av isbrekrympinga, kan opp mot 1,5 milliardar menneske i land som Nepal, Kina, Pakistan, Myanmar og India bli utan vatn om isbreane skulle forsvinne heilt.

LES OGSÅ: Jostedalsbreen blir stadig mindre

Korleis kan vi gjere noko med dette?

Den nye rapporten har spesifisert fire forslag som forskarane meiner kan redusere isbretap, og skadane frå dette, framover:

1. Omfattande og gjenteken kartleggjing av isbretapet ved hjelp av nye bilete og teknologiar.

2. Kontinuerleg global overvaking av forureininga og biodiversiteten i iskledde elver for å oppdaga tidlege signal om endring.

3. Verdsetjing av økosystemtenestene som isbrear gjev liv til, som til dømes kostnadane for skade forårsaka av forureining frigjeve frå gammal is og tap av både kommersiell og sportsbasert fiske.

4. Vedta tilrettelagde og justerbare styringsavgjerder og internasjonal lovgjeving på dei mest kjenslevare områda for å verna isbreavleidde vassressursar og dei tenestene dei tilbyr.

Nordenskiöldbreen er ein 25 km lang og 11 km brei isbre som munnar ut i Adolfsbukta inst i Billefjorden på Svalbard, i skiljet mellom Dickson Land og Bünscow Land. Foto: Guillaume Baviere/Flickr/CC-lisens.