15.000 forskarar åtvarar mot miljøfarar
15.000 forskarar frå 184 land har signert eit felles brev til menneskja.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Brevet følgjer opp eit liknande brev som 1.700 forskarar stilte seg bak i 1992, “World Scientists’ Warning to Humanity”. Det nye brevet summerer opp statusen etter dei 25 åra som har gått, og den er ikkje oppløftande.
– Bortsett frå stabiliseringa av ozonlaget har ikkje menneskja klart å gjere nok for å løyse desse spådde miljøutfordringane. Urovekkjande nok har dei fleste av dei vorte mykje verre, skriv forskarane i brevet, som er publisert i tidsskriftet BioScience.
I 1992 frykta naturforskarane at vi var nær grensa for kva livet på jorda kan tole og bad verda om å sørgje for å stabilisere befolkningstala, redusere utsleppa av klimagassar, avvikle bruken av fossilt drivstoff og stoppe avskoginga og utryddinga av artar.
No er tida er i ferd med å renne ut, meiner forskarane og oppmodar folk, media og forskarar til å auke presset på styresmakter og politikarar.
– Ein organisert grasrotopinion kan nedkjempe seigliva motstand og tvinge politikarane til å gjere det rette, skriv forskarane.
- LES OGSÅ: Bekymra for forureina luft