11 kvadratkilometer isbre smelta bort kvart år

– Eit tydeleg teikn på at klimaet blir varmare.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt 326 kvadratkilometer av norske isbrear er blitt borte på 30 år, viser ei kartlegging.

Tala kjem fram i ei doktorgradsavhandling skriven av Solveig Havstad Winswold ved Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo. Ho har sett på kart frå perioden 1947–1985 og samanlikna dei med satellittbilde tatt mellom 1999 og 2006. Ut frå dette har ho komme til at arealet til dei norske isbreane har minka med 11 prosent på 30 år, skriv Titan.

Kvart år har 11 kvadratkilometer smelta bort.

– Dei fleste norske isbrear minkar merkbart i storleik, noko som er eit tydeleg teikn på at klimaet blir varmare. Å kartleggje brear og måle endringar er viktig fordi det er ein indikator på korleis klimaet endrar seg – og også for å finne ut kor mykje havnivået vil stige, seier Winsvold, som til dagleg arbeider som breanalytikar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), til nettstaden.

Endringane er størst i nord, der det er målt 17 prosent mindre isbreareal på 30 år. Dette blir sett i samanheng med endringar i nedbør og temperatur, men også kvar breane ligg – kor høgt og kor nært havet.

Størst reduksjon har Normannsjøkelen på øya Seiland blitt utsett for. Den har blitt opptil 91 prosent mindre i areal.

Winswolds doktorgradsavhandling handlar om nye metodar for å kartleggje isbreane ved hjelp av satellittsensorar.