SV og Raudt foreslår #metoo-tiltak
I lys av #metoo-kampanjen foreslår både SV og Raudt tiltakspakkar for å nedkjempe seksuell trakassering.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Raudt framja forslag om sju tiltak for Stortinget i førre veke, medan SV legg fram sitt forslag denne veka, ifølgje Klassekampen.
– Metoo-kampanjen viser at seksuell trakassering er eit samfunnsproblem. Eg trur mange endeleg forstår kor stort dette problemet er, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.
Han ønskjer blant anna at kunnskap om grensesetjing, kjønnsroller, seksuell trakassering og valdtekt inngår i utdanninga av lærarar og andre profesjonar som har med barn og unge å gjere. Dessutan at både barne-, ungdoms- og vidaregåande skular skal gjennomføre obligatorisk undervisning i desse temaa.
Stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård (SV) trur skulen er ein godt stad å byrje.
– Det er i skulen den dårlege mannskulturen set seg, seier han.
- LES OGSÅ: Ein manns tankar om #metoo
Han foreslår blant anna sjølvforsvarskurs for jenter i ungdomsskulen, at rektorar får eit ansvar og eigne program for grensesetjing.
- LES OGSÅ: Difor må feminisme inn i pensum