Ein manns tankar om #MeToo


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den siste tida har folk delt sine personlege historier om seksuell trakassering under emneknaggen #MeToo. I lyset av #MeToo-debatten starta den australske forfatteren Benjamin Law emneknaggen #howiwillchange. Alyssa Milano, som starta #metoo, skreiv under denne knaggen at menn må fortelje korleis dei vil hjelpe å hindre den kulturelle epidemien av seksuell trakassering og seksuelle overgrep i framtida.

Det eg skriv her er vel å rekne som svaret mitt på denne oppfordringa.

Den amerikanske skodespelaren Alyssa Milano starta #MeToo-kampanjen. Foto: Tom Sorensen/flickr/CC-lisens.

Fleire svært kjende menn frå Hollywood har vorte tekne for seksuelle overgrep. Eg respekterte Kevin Spacey sterkt som skodespelar, og eg respekterte Bill Cosby enormt då eg vaks opp. At slike folk har gjort slike ting sjokkerer meg og gjer meg trist, og det same gjeld når eg høyrer om individ eg kjenner, eller i alle fall kjenner godt til, her heime.

Årsaka til at eg blir sjokkert er ikkje fordi eg ikkje lyttar til kvinner som fortel meg om slike ting, eller at eg ikkje ser småting der eg går og oppheld meg sjølv, og har gjort det i mange år i mange samanhengar. Det er nok fordi eg ikkje har levd gjennom det sjølv; eg har ei langt meir passiv erfaring med dette. Som mann går eg gjennom verda utan å alvorleg vurdere om eg kan bli angripen seksuelt, uansett kvar eg går. Sjølv om menn kan vere offer i denne samanhengen, som mellom anna Spacey-saka er døme på, er det svært få menn som blir valdtekne, syner statistikken.

Er det då slik at eg, gjennom å ignorere slike ting for mykje av tida, indirekte jobbar for å støtte det? Bør ikkje eigentleg alle menn jobbe så hardt dei kan med å få full likskap mellom kjønna og fjerne kjønnsretta vald?

Det er hardt å gjere slike ting. Å alltid vere «på» gjer deg sliten, og alle slike undertrykkande handlingar er jo som regel knytta til annan vald uansett, blir det sagt.

Men vi er alle menneske. Uansett kor mange gonger du høyrer andre snakke om kor vondt dei har hatt det, sjølv når det grip deg valdsamt sterkt, er det eit gap i forståinga di om du ikkje har vore gjennom det same sjølv. Å vere klar over dette er eit viktig første steg på vegen til å verkeleg skjøne andre menneske.

Vi må stoppe opp, lytte, ta imot opplevingane til andre. Vi må setje dei som snakkar om dette i sentrum, ikkje vi som lyttar.

Eg kan ikkje vite kva kvinner opplever via eiga erfaring. Eg kan ikkje vite kva dei kjenner djupt inne i seg når nokon, kan hende ein framand eller ein «morosam» fyr på jobben, stikk handa si under skjørtet deira, eller noko verre. Det eg kan gjere er å ta til meg informasjonen eg får om slike handlingar. Eg kan lytte til dei som vil fortelje. Eg kan fortelje alle som gidd å høyre på meg at vi treng radikale kulturelle og politiske endringar i samfunnet som vil gjere livet til kvinner, og difor alle, betre.

Sjølv om det er sant at eg og andre menn aldri kan skjøne fullt ut kva du som kvinne opplever, kan vi skjøne kva det handlar om viss vi prøver på det. Skal vi få slutt på seksuelle overgrep trengst det alliansar mellom dei ulike kjønna, ikkje demonisering og fiendskap mot ei kjønnsgruppe. Kva anna alternativ er det?