Regjeringa vil droppe minstestraff på 3 års fengsel for valdtekt
Regjeringa foreslår å oppheve minstestraff på fengsel i tre år for valdtekt til samleie.

Der opnar ho for at domstolane skal stå friare når dei utmåler straff i valdtektssaker.
– Erfaringane frå retten viser at det er store forskjellar frå sak til sak. Vi vil i hovudsak føre vidare det generelle straffenivået, men meiner dommarane bør ha større høve til å nytte straffeskalaen – i både skjerpande og formildande retning, seier Aas-Hansen.
– Vi vil derfor foreslå endringar som gir domstolane større rom for individuelle vurderingar i straffeutmålinga enn det som er situasjonen i dag, seier ho.
– Berre ja betyr ja
Regjeringa foreslår mellom anna å oppheve minstestraffa på fengsel i tre år for valdtekt til samleie.
Dette har vore etterspurt, mellom anna for å sikre ein betre balanse i straffenivåa mellom ulike seksuallovbrot.
Ei av dei viktigaste endringane er å innføre ei samtykkelov. Det betyr krav om aktivt samtykke «i ord eller handling» før seksuell omgang.
– For Arbeidarpartiet inneber eit samtykke at nokon i ord eller handling har gitt beskjed om at dei vil ha seksuell omgang – altså at berre ja betyr ja, seier Aas-Hansen.
Foreslår endring
Valdtektsregelen rammar i dag primært det å skaffe seg seksuell omgang «ved vald eller truande åtferd» eller å ha seksuell omgang med nokon som er «ute av stand til å motsette seg handlinga». Slike handlingar kan straffast med fengsel i inntil 10 år.
– Vi foreslår å føre vidare dagens straffealternativ og strafferamme som eit nytt andre ledd i valdtektsregelen, seier Aas-Hansen.
Samtidig foreslår regjeringa eit nytt straffealternativ basert på «nei betyr nei».
– Handlingar der gjerningspersonen ikkje respekterer ei avvising, er eit så alvorleg brot på ein annan person sin rett til å bestemme over eigen kropp og seksualitet at dei bør kunne straffast med fengsel inntil 10 år, seier justisministeren.